midtsiden

Elias kjem - mor får fri

- I år blir det både sløkking av båtbrann og møte med Elias, så far kan trygt ta med ungane så mor får fri, seier Dyrstad om båtmessa i Askvik.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Båtens Beste gjentar suksessen frå i fjor med minimesse før jul.

- Kven tenker på båt ei lita veke før pinnekjøttet skal serverast?

- Mange, viste det seg i fjor. Kanskje fordi dei ville ha eit maritimt avbrekk frå overfylte handlesenter, eller fordi dei ville handla julegåve til båtfolk.

- Vi hadde i alle fall ei veldig fin Båtens Helg i desember 2009, seier dagleg leiar ved Båtens Beste, Jonathan Dyrstad.

Fokus på tryggleik
Båtens Helg er ei minimesse som blir arrangert fleire gongar i løpet av året. Om våren og sommaren er det naturleg med mykje prøvekjøring og bra sal av ny båt, men messa handlar ikkje berre om merkantil aktivitet.

- Vi har fleire gongar hatt eksterne aktørar på plass, som tilbydarar av båtførarprøven. I år kjem både Os brann- og redningsteneste (Os brannvesen), Røde Kors og Redningsselskapet.

Redningsselskapet har med seg den kjente båten Elias, som ungane kan få kjøra i, Os brannvesen skal setja fyr på ein båt og demonstrera sløkking.

- I tillegg blir det demokjøring, blant anna av Viksund, som er med på messa for første gong, og sjølvsagt av Askeladden, seier Dyrstad.

- Kjekt å bli invitert
Os brann- og redningsteneste har eigen båt, i samarbeid med Os Rotary Klubb, og fem redningsdykkarar.

- Båten ligg klar på Halhjem heile året, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Saman med Redningsselskapet og Os Røde Kors vil brannvesenet demonstrera både korleis privatpersonar kan sløkka brann i båt, korleis dei kan redusera faren for båtbrann, og korleis dei sjølv driv sløkkearbeidet.

- Heldigvis er det ikkje så ofte det brenn i båt, i år har vi ikkje hatt nokre utrykkingar, i fjor og ein del av åra før 2009 har vi hatt éi utrykking i året.

- Men når det skjer kan det vera alvorleg, og då er det greit å veta kva du skal gjera.

- Vi som redningsetat er pliktig å driva informasjonsarbeid. Eg synes det er kjekt at vi blei invitert til Båtens Helg, det blir nok ein god stad å nå ut til båtfolk, seier Gjøsund.

Båtens Helg startar fredag, laurdag skal brannvesenet i aksjon.

Fleire saker