Næringsliv | 16. okt. 2015

Elkjøp inntar møbelmarknaden

Satsar stort på komplette kjøkken.

Elkjøp inntar møbelmarknaden
Butikksjef hos Elkjøp Os, Bjarte Johannessen, ved den nye kjøkkenutstillinga. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. okt. 2015 12:06

Bildeserie:

Svenske Epoq har 16 ulike modellar, 4 av dei blir utstilt i Os.  (Foto: KVB)
Svenske Epoq har 16 ulike modellar, 4 av dei blir utstilt i Os. (Foto: KVB)
Arna Innredning står for montering, også til kunde.  (Foto: KVB)
Arna Innredning står for montering, også til kunde. (Foto: KVB)
Nettbrett- og Mac-avdelinga blir òg utvida.  (Foto: KVB)
Nettbrett- og Mac-avdelinga blir òg utvida. (Foto: KVB)
Kva med ein 85-tommar? TV-utstillinga blir også fornya.  (Foto: KVB)
Kva med ein 85-tommar? TV-utstillinga blir også fornya. (Foto: KVB)
1 av 4

Kjøleskap, komfyr, kaffimaskiner og anna kjøkkenelektronikk utgjer ei stor og viktig varegruppe hos både kjeda og Elkjøp Os.

I desse dagar bygger dei om butikken for å opna opp med heilt ny varegruppe; kjøkkenmøblar.

– Ombygginga omfattar òg ei ominnreiing for utvida tv-, lyd- data- og nettbrett-utstilling. Nettbretta blir betre vist og vi utvidar utvalet innan Mac. Men komplette kjøkken er det store, nye, seier butikksjef Bjarte Johannessen.

Svensk kvalitet

Elkjøp-kjeda har blitt ein av to norske forhandlarar av svenske Epoq, og går no i konkurranse med blant anna svenske Ikea.

– Vi har stor tru på Os og at fleire av dei som bygger nytt og dei som vil pussa opp like gjerne tar handelen lokalt i staden for å reisa Bergen rundt for å sjå på kjøkken, seier Ronny Sæterdal, ein av dei tre eigarane av blant anna Elkjøp på Os.

Eigen designar i butikken

– Vi får komplett utstilling av 4 av Epoq sine 16 kjøkkenmodellar, med ulike benkeplater, også i skifer, og har i tillegg ein kjøkkendesignar i full stilling, fortel Bjarte.

Camille Haugland, som den siste tida har vore avdelingsleiar for tele hos Elkjøp Os, har tatt utdanning og kurs innan Epoq, og vil ut frå kunden sine mål både laga 3D-teikningar og finna eksakt pris på kvart enkelt kjøkken.

– Kjøkkenet kan òg leverast ferdig montert. Vi har avtale med Arna Innredning og kan koma til å kopla oss til fleire samarbeidspartnarar på montering om responsen blir god.

Elkjøp er i sluttfasen av monteringa og skal ha utstillinga klar på tampen av neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.