Lokal | 19. juni 2014

«Elveosen» vinnaren

Prosjektgruppa for «Liv på Øyro» innstiller Arkitektkontoret 3RW sitt forslag «Elveosen» som vinnar av konkurransa om å utforma Os sentrum.

«Elveosen» vinnaren
Slik presenterte arkitektkontoret 3RW si løysing då dei presenterte den i sluten av mai (ill: Os kommune/3RW)
Andris Hamretorsdag 19. juni 2014 07:14

Dei tre arkitektfirma OG Arkitekter, Asplan Viak og Arkitektkontoret 3RW presenterte i slutten av mai sine løysningar på den kommunale arkitektkonkurransen for «Bydraget».

Onsdag trakk prosjektgruppa for «Liv på Øyro» sin konklusjon og gjeve si innstilling til formannskapet.

«Elveosen», framlegget frå Arkitektkontoret 3RW, kårast som vinnar av den begrensa arkitektkonkurransa. Samstundes kan ein nytta delement frå dei to andre framlegg i den vidare prosjekteringa av tiltaket.

Vil oppretta gårdeigarforum

I innstillinga til formannskapet ber ein om at prosjektavdelinga i kommunen tek utviklinga av bydraget vidare med eit konkret forprosjekt som inneheld endelege val av delelement, kostnadskalkyle, tidsplan og eventuell oppdeling i delprosjekt. Forprosjektet skal presenterast som ein del av budsjettprosessen hausten 2014.

Ein vil òg utarbeida modell/avtalegrunnlag for finansiering av tiltaket kor ein involverer grunneigarer, Os Sentrum og Hordaland Fylkeskommune samt hentar inn referansar for korleis andre kommunar har løyst tilsvarande byromsoppgraderingar.

For å få eit grunnlag for samarbeid, felles strategiar og avtalestrukturar for den vidare utviklinga og drifta av bygningsmassa og byrommet i sentrum ber ein prosjektgruppa ta initiativ til etablering av eit grunneigar-/gårdeigarforum for Osøyro.

14 faglege råd

Tilråinga byggjer på ei arkitektfaglig vurdering frå ei gruppe beståande av arkitekt Gudrun E Stefansdottir frå kommunal og samfunnsplanavdelinga (KSA) ved Fylkesmannen i Hordaland, arkitekt Henning Weenas Ribe ved planavdelinga Os kommune og landskapsarkitekt MNLA Ingrid Haukeland.

Desse vurderte dei tre framlegga før det blei offentleggjort kven som hadde levert kva framlegg. I si vudering av framlegga trekk dei tre fagkonsulentane 14 konklusjonar dei meiner kommunen bør byggja vidare på i det vidare arbeidet.

  • Det bør opparbeidast «Shared Space» for Bydraget.
  • Byromsgolvet bør få ei mest muleg homogen og heilskapleg overflate.
  • Kontakten mellom Bydraget og Baronplassen bør haldast mest muleg open, og bør ikkje tettast igjen med paviljongar, bymøblar eller beplantning.
  • Vi anbefaler at det tilrettelegges for aktiviteter på bakkeplan og i eksisterande bygg.
  • Tilrettelegging for aktivitet på tak slik forslaget OSplassen viser bør unngåast.
  • Parkering av syklar bør plasserast nærmast mulig kollektivknutepunktet.
  • Kollektivknutepunktet bør utformast som ein attraktiv møtestad. Det gjeld både bakkenivå og tak.
  • Parkeringsplassar bør ikkje tillatast langs Oselva.
  • Byromsmøblar, belysning, avfallshandtering, beplanting, samt reklameinnretningar bør integrerast i en heilskapleg design og utføring. Desse bør samlast mest muleg på bestemte punkt.
  • Opparbeiding av leikeplass for born bør integrerast i heilskapleg design av byromma, ligge skjerma og lunt til, og gi muligheiter for oppleving. Baronplassen vert vurdert som veleigna.
  • Os kommune bør aktivt forsøke å tiltrekke seg ny aktivitet til sentrum, og eventuelt vurdere å forsøke midlertidige løysningar for eksempel ved å endre gjeldande trafikkmønster og tillate midlertidige installasjonar inntil tyngre investeringar i byrom og plassar er på plass.
  • Det bør utarbeidast ein utviklingsplan for belysning for hele sentrum. Belysningsplanen bør ha fokus på energibruk, effektar, dag- og nattbelysning.
  • Ved utarbeiding av plan for sentrum bør nye energikjelder ha breiare fokus. Eksempelvis nye ladestasjonar for el-bilar. Desse bør være innovative, brukarvenlege og funksjonelle.
  • En bør ved utarbeiding av ny plass for sentrum vurdere alternative avfallsløsninger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.