Sport | 30. nov. 2012

EM-bronse til Eirin

Bucuresti: Eirin Dale gjekk ein jamn semifinale mot erkerival Luiosa Gullotti. Tittelforsvarar Ina Grindheim er klar for finale etter eit spennande oppgjer med Andrea Busa.

EM-bronse til Eirin
Eirin Dale (t.v.) i kamp mot Luiosa Gullotti (Italia) i semifinalen i EM torsdag. Kampen enda med 4-8-tap. (Foto: Per Andreas Ringdsby)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. nov. 2012 08:20

Torsdag gjekk kickboxarane Eirin Dale og Ina Grindheim frå Os semifinalar i EM i Romania.

Begge vann kvartfinalane onsdag.

Eirin, som går i -55 kg, møtte erkerival Luiosa Gullotti i semifinalen. Dei to har vunne kvar sin av dei to siste VM-finalane, og det blei ein jamn kamp om finaleplass i EM.

– Eirin er flink og held seg til taktikken, noko som fungerer bra. Ho får noko dårleg betalt for angrepa sine, dommarane er svært strenge med å dela ut poeng, fortel landslagets Kim Waardal.

I andre runde drog Louisa noko ifrå og leia med fire poeng før siste runde. Eirin heldt trykket oppe, men klarte ikkje å henta motstandaren inn igjen. Kampen enda 4-8 og Eirin må som i førre EM ta til takke med bronse.

Suveren start på spennande semi

Ina Grindheim møtte ungarske Andrea Busa i semifinalen. Kampen starta som mange andre av Ina sine kampar, jenta frå Os hadde full kontroll og leia 3-1 etter første runde og 6-2 etter ein andrerunde der motstandaren skrudde opp tempoet.

– I tredje runde snur rollene heilt. Ungararen tar igjen leiinga og det blei tett kbiving. Til full tid står det 8-8.

– Men i ekstrarunden er det Ina som held hovudet kaldast og vinn med knappast mogleg margin, 10-9.

I finalen laurdag møter Ina den irske fighteren, Caradh Odonavan. Ina har møtt Odonavan tidlegare, og det har vore tett og spennande.

Noreg hadde sju deltakarar som gjekk semifinalar og har fem deltakarar som går finalar i dag og laurdag.

Dei fire andre som har tatt seg til finale er; Tonje Sørlie, Andreas Lødrup, Thea Therese Næss og Cathrine Fonnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.