EM: Jakob sette norsk junior-rekord
Berre to norske gjennom tidene har svømt fortare enn yngstemann på landslaget, Jakob Austevoll Harlem (17).


Norges Svømmeforbund er i Polen med ein tropp på 14 utøvarar (ni herrar og fem kvinner), som no er på tampen av årets senior-EM (kortbane) i svømming.
Yngste på det norske landslaget er Jakob Austevoll Harlem (17) frå Os.
I dag sette Jakob ny, norsk junior-rekord på 50 meter fri i forsøket under EM.
Han hadde sjølv den gamle rekorden på 21.89, men forbetrar seg stort med tida 21.48.
Det heldt til 23. plass i konkurranse mot vaksne verdsstjerner.
– Sidan Jakob var raskast av alle norske på distansen får han siste etappen på 4x50 medley-laget i morgon, fortel pappa og tidlegare trenar, Thomas Harlem.
Dagens tid av Jakob er den raskaste tida på 50 fri for ein nordmann i år, uansett klasse, og den tredje raskaste tida uansett klasse i norsk svømmehistorie.
Meisterskapen starta tysdag og har siste dag i morgon. Tidlegare i EM har Jakob
Tidlegare i veka har Jakob blitt nummer 28 på 100 medley. Han svømte òg ein veldig god etappe for Norge på 4x50 stafett, der han hadde den nest beste etappen av dei norske, og kor laget blei nummer 9.
Onsdag på andre dag av EM, sette Sander Kiær Sørensen frå Bærumsvømmerne norsk rekord på 200 fri med tida 1.41,87.





