Sport | 18. mai 2012

EM-medaljar til Os

Arne Thuen, Frode Veim Haugland og Øyvind Birkeland har gjrt det skarpt i Polen. Og EM i handbak er ikkje over.

EM-medaljar til Os
Frode (nest øvst til høgre) og Arne (nedst til høgre) på trening veka før avreise til Polen. Dei to har, saman med klubbkamerat Øyvind, tatt kvar sin bronse i EM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mai 2012 20:56

Årets EM i handbak, som blir arrangert i den polske byen Gdansk frå 13. til 20. mai, har 17 norske deltakarar, av dei er 7 frå Os.

Tre av dei har tatt medaljar til no, Frode har tatt sin første EM-medalje.

2 x bronse til Øyvind

Onsdag var Øyvind Birkeland ved brytebordet. Han deltar i masterklassen (+40 år) i -90 kg.

Der blei det eitt tap, men mange nok sigrar til 3. plass og EM-medalje nummer to og tre for den sterke stordabuen i Os Håndbakklubb.

Øyvind tok nemleg bronse med både høgre og venstre arm i master.

Fekk zero

Torsdag 17. mai var veteran og tidlegare europameister og verdsmeister Arne Thuen i elden i grand master (+50 år) . Thuen, som fyller 58 år i år, deltok i -90 kg og måtte finna seg i éin plass lågare enn førre EM han deltok i, det blei bronse på Arne.

– Når han går for gull og ikkje klarer det, som han gjorde i Itialia då han tok sølv, så kjøper vi Cola Zero til han. Arne elskar cola, men vil ha ekte vare. Zero er vår måte i straffa han på, ler Frode Veim Haugland.

Frode god med venstre

Frode tok sjølv sin første EM-medalje då han i dag tok bronse med venstre arm i -85 kilo.

I morgon skal fleire av deltakarane frå Os i elden igjen, då er det bryting med høgre arm i seniorklassen.

Der har Frode og sjanse til å ta nok ein medalje. Dei yngste og eldste klassane er ferdige, men Os har fleire seniorar i EM, som Ronny Risøen, Tore Matre, Are Strønen og Asle Kvamsdal.

Les òg: Sterk 17. maifeiring i Polen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.