– Endeleg!
Handballdamene til Os med sesongens første poeng etter 26-21-siger over Sotra. – Det er så deilig, stråler Os-trenaren.
Os har spelt gode kampar, men mangla det siste lille for å plukka poeng så langt i sesongen. Sundag kom dei første to poenga då Sotra blei slått 26-21.
Problemet har vore at Os gjerne har hatt ein svak periode i løpet av kampane, kor motstandarane har rykka frå.
Det hadde dei ikkje sundag.
Os tok tak frå starten og gjekk opp i 8-2 etter 12 minutt, og hadde god kontroll sjølv om Sotra reduserte til 12-9 til pause. Framleis var Os litt for hissige på grauten i ankomstane, noko som gav Sotra kontringsmoglegheiter.
– Det er noko vi har mykje fokus på, både i trening og før kamp, men vi klarer liksom ikkje legga det av oss, fortel Os-trenar Gitte Torp.
Gode bakover
Éin ting gledar trenaren ekstra:
– Eg synest vi står betre og betre i forsvar. Det gler meg som er vedig opptatt av forsvarsspel. I dag får vi tetta igjen, då gjer det ikkje så mykje at vi tar dårlegare val framover.
– Éin ting er positivt framover, og det er at vi ikkje har skotvegring, smiler Torp.
Spesielt viktig bakover er veteran Hilde Kristine Røttingen.
– Ho er stødig, og gjer ein viktig jobb for oss. I dag var ho i tillegg stødig framover med fem mål, saman med Madeleine Hjertnes og Malin Hjelle Berentsen, som skåra fem og sju, seier Torp.
Os - Sotra 26-21 (12-9)
Utv: Os 2x2 min, Sotra 2x2 min
Os sitt lag: Ann Kristin Lyssand, Vibeke Ingebrigtsen, Caroline Fjellanger Cook, Elise Hjelle (3), Hilde Kristine Røttingen (5), Madeleine Hjertnes (5), Malin Hjelle Berentsen (7), Marte Haugsdal, Marte Øvreeide (2), Mona Stigen Heggeland, Renate Sperrevik, Silja Lunde Espelid (1), Tonje Hjertnes (1), Malin Lunde Fosen (2).
Med sigeren rykka Os opp til 10. plass før neste heimekamp mot Kjøkkelvik 9. november.