Kultur | 08. juli 2019

Endeleg fekk Hjermann hogga på heimebane

Rune Hjermann frå Os var ferdig utdanna steinhoggar fire år før første skulptursymposium. I år lagde han bestillingsverk med Lysekloster-motiv.

Endeleg fekk Hjermann hogga på heimebane
Rune Hjermann med kleberstein-skulpturen han har laga på årets symposium. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juli 2019 08:58

Bildeserie:

Med motiv frå Lyse kloster. (Foto: KVB)
Med motiv frå Lyse kloster. (Foto: KVB)
Etter 24 år som steinhoggar fekk Rune hogga i heimbygda. (Foto: KVB)
Etter 24 år som steinhoggar fekk Rune hogga i heimbygda. (Foto: KVB)
1 av 2
Med motiv frå Lyse kloster. (Foto: KVB)
Etter 24 år som steinhoggar fekk Rune hogga i heimbygda. (Foto: KVB)

Det første av sommarens to skulptursymposium i Os er over. Laurdag var det avslutting der kjøparane i loddtrekt tur og orden fekk velja kva skulptur dei ville ha.

• Omtale og bildeserie: – Eg plar få viljen min

Men ein av dei 12 skulpturane var utanfor rekkevidde for kjøparane, Rune Hjermann sin store kleberstein var eit bestillingsverk.

Dette er osingen Hjermann sin første jobb hos 20 år gamle Os International Symposium og Sculpture.

Frå teikning til steinhogst

Rune bur i Bergen, men vaks opp i Os og budde her til han var 17 år gamal. Han jobba som frihandsteiknar før han vurderte møbeldesign som yrkesretning.

– Eg landa på steinhogst, og fekk hospitera på verkstaden til Nidarosdomen, fortel Rune.

Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) er den eldste bygghytta i Norden. NDR blei oppretta i 1869 for å gjenoppbygga Nidaros domkirke (på folkemunne kalt Nidarosdomen), som delvis låg i ruinar etter fleire brannar i middelalderen.

Kortreist stein

Under symposiet har Hjermann laga ein skulptur for Os kommune, utanom den kommunen kjøpte av gjesteskulptørane.

Motiva på skultpuren er frå Lyse kloster-ruinane. Lyse kloster var, som Nidarosdomen og fleire andre norske kyrskjer, bygd i kleberstein.

– Klebersteinen eg har brukt er henta frå Gullfjellet, opp frå Rolvsvåg-sida, fortel Hjermann.

– Det er også brukt stein frå Gullfjellet til reparasjonsarbeid på Nidarosdomen.

Kvar skal den stå?

Kultursjef Lisbeth Axelsen var svært begeistra for resultatet til Hjermann.

Kvar skulpturen skal stå, er foreløpig ikkje bestemt.

– Eg ser for meg at det kunne passa med ei plassering i Os sentrum, for å visa litt av Lyse kloster her òg, seier Axelsen.

– Gjerne med ein plakett som fortalte om klosterruinane, legg ho til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.