Manager Stian Kvåle (nedst t.h.) og resten av laget Ståle jublar etter siger i finalen i herrar elite. (Foto: KVB)

Endeleg finalesiger til Kvåle

Her er alle vinnarane av årets MidtsidenCup.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Han har deltatt med ulike lag, manager Stian Kvåle, frå Kvåles Engler og Bikkjo til The New Yellow Fellows og årets lag, «Ståle», og laget hans har stort sett gjort det bra.

– Dette er fjerde gong vi er i finalen, endeleg blei det siger, seier Kvåle.

Laget Ståle måtte til straffekonk for å slå Os United i semifinalen. I finalen slo dei FIFA 1-0 etter skåring av Stian Lunde.

Leiken finale i mix elite 

Preben Borgen og Galacticos var òg nær på å mista finaleplassen. Nykomarane SFG blei kanskje undervurdert, og kort tid før slutt hamna tittelforsvarane under 1-2.

Borgen hadde erstatta Ørjan Håland, som knakk tåa i innleiande rundar, med Vegard Leikvoll Moberg. Leik leika seg gjennom heile SFG før han utlikna. 3-2 kom ved Borgen sjølv rett før slutt.

Finalen blei meir leiken, Galacticos leia 4-0 til pause og hadde sånn tru på seg sjølv at dei skifta plass på Leik og keeper Thomas Borgen. Thomas var nær på å skåra på brasse, men medspelar Mathias Meek sto i vegen for skotet.

Gode Venner, som i utgangspunktet hadde problem med å stilla lag, skåra heile fire mål i andre omgang, men måtte sjå seg slått 7-4 i finalen i mix elite.

– Det skal ingenting til

I mix amatør tok Superlaget seg igjen til finalen, men nykomarane FC Ingenting blei tøff motstand.

– Vi er ein venegjeng frå Fusa, fleire av oss går på skule saman på Fusa vgs, fortel dei nøgde vinnarane frå andre sida av fjorden.

Nye beist frå austen

Tittelforsvarane Beast from East måtte sjå seg slått av 100 % i semifinalen.

– 80 prosent av laget er polakkar, fortel lagleiar Emil Wojcicki.

Dei trenar gubbefotball saman på Søre Neset to gongar i veka, men fekk det tøffare i finalen.

Veteranane 1-2 leia 1-0 til det sto kort tid igjen, så kom utlikninga og finalen måtte avgjerast på straffekonk.

1-2 sin første straffe blei redda av lagleiar Emil på 100 %. 1-2 sin siste straffe hamna langt over mål.

– Vi har berre trent og ikkje spelt kamp sidan vi var i 3. og 4. divisjon som ungdomar heime i Polen. Dette var veldig kjekt, seier Emil.

Midtsiden kjem tilbake med bildeserie og video frå sluttspelet.

RESULTAT FRÅ SLUTTSPELET

Siste runde i puljespel herrar amatør, pulje 3 (HA3)
10.00 The MacGyvers - Liverbirds 3-0
10.00 Shredicated - Ungdomskilden IL2-3

Kvartfinalar mellom 2. og 3. plass i herrar elite og mix amatør
10.30 Ståle - FC Bandana 3-0 (walkover)
10.30 FC Show - Team Aarvik Norgeshus 3-0
10.30 Superlaget - FC OSS 5-0
10.30 FC Ballebrokk - NON STOP 3-1

Herrar amatør - mellomspel 3. og 4. plass
11.00 Plog - Shredicated 2-3
11.00 AtleticOs - Jada Kam 0-1
11.00 The Grim Reapers - Team Fløysand 0-3

Semifinalar i herrar elite - kvartfinalar i mix elite
11.30 FIFA - FC Show 2-1
11.30 Os United - Ståle 4-5 (etter straffekonk)
11.30 SFG - Spellagå 3-2
11.30 Hurricane FK - Gode Venner 0-4

Kvartfinalar i herrar amatør
12.00 1-2 - Team Fløysand 1-0
12.00 Beast from East - Jada Kam 2-0
12.00 The MacGyvers - FC Beken 2-0
12.00 100 % -  Ungdomskilden IL 6-0

Semifinalar i mix amatør og mix elite
12.30 Galacticos - SFG 3-2
12.30 Hooligans FC - Gode Venner 1-2
12.30 FC Ingenting - FC Ballebrokk 1-0
12.30 NDM - Superlaget 2-4

Finale herrar elite + semifinalar i herrar amatør
13.00 FIFA - Ståle 0-1
13.00 1-2 - The MagGyvers 1-0
13.00 Beast from East - 100 % 2-3

Finalar i mix amatør og mix elite
13.30 Galacticos - Gode Venner 7-4
13.30 Superlaget - FC Ingenting 0-4

Finale herrar amatør
14.00 1-2 - 100 % 2-3 (1-1 eeo, 2-3 etter straffekonk)

Fleire saker