Næringsliv | 02. okt. 2015

– Endeleg på Os

Os Dyrebutikk, som opna i «Rosvold-lokalet» i dag, blei fort fylt med nøgde kundar.

– Endeleg på Os
F.v.: Åse Tveit var blant dei første kundane hos Malene, Monica og Veronika i nyopna Os Dyrebutikk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. okt. 2015 11:03

Bildeserie:

Butikken blei tidleg fylt med kundar. (Foto: KVB)
Butikken blei tidleg fylt med kundar. (Foto: KVB)
Ingvild og sonen Emil Nikolai såg etter nye fiskar. (Foto: KVB)
Ingvild og sonen Emil Nikolai såg etter nye fiskar. (Foto: KVB)
Du vel sjølv kva stemning du vil ha i akvariet ditt. (Foto: KVB)
Du vel sjølv kva stemning du vil ha i akvariet ditt. (Foto: KVB)
Dyra ser ut til å ha takla flyttinga bra. (Foto: KVB)
Dyra ser ut til å ha takla flyttinga bra. (Foto: KVB)
Enkelte er litt trøytt. (Foto: KVB)
Enkelte er litt trøytt. (Foto: KVB)
... andre har kubba. (Foto: KVB)
... andre har kubba. (Foto: KVB)
Arealet og utvalet har auka kraftig. (Foto: KVB)
Arealet og utvalet har auka kraftig. (Foto: KVB)
I dag er også fleire leverandørar på plass. (Foto: KVB)
I dag er også fleire leverandørar på plass. (Foto: KVB)
1 av 8

For to veker sidan fortalte Monica Sagen Jensen at ho har fått nytt lokale til dyrebutikken ho har drive på Amfisenteret i nesten seks år.

Årsaka til flyttinga var at ho har gått ut av kjeda, og det er kjeda som sit på leigekontrakten.

Resultatet blei flytting til Os sentrum og ei auke frå 96 til 240 kvadratmeter storleik på butikken.

Innreia på tre døgn

Den nye butikken ligg i Askvik-brørne sitt bygg, der sportsbutikken Rosvold var i ei årrekkje.

Lokalet fungerte nyleg som utstilling for Europan-prosjektet til Os kommune, som blei avslutta tysdag. Ser vi vekk frå «tjuvstart» på flytteprosessen har Monica brukt berre tre døgn på å laga ein ny, stor butikk.

– Det har vore travelt, men takka vera gode og hjelpsame tilsette og kollegaer så slapp vi å bruka nettene.

– Vi har runda av arbeidet før midnatt og sjølv om ikkje alt er heilt på stell så klarte vi å opna klokka 12 i dag, som planlagt, seier Monica nøgd.

Til kattar og ekorn

Ein av dei første kundane i butikken var Åse Tveit. Ho er fast kunde hos Monica og kjøper mat til både eigne dyr og dei som lever fritt i naturen.

– Eg har to kattar, men set ut mat til andre kattar og andre dyr. Både ekorn, pinnsvin og enorme mengder fuglar får mat hos meg, det har vore ein del av livsstilen min i alle år.

– Har du fuglar og fiskar innandørs òg?

– Nei. Eg har ikkje sånn sans for å ha dyr i bur. Eg forstår at enkelte ikkje har noko val, men sjølv liker eg best at dyr får ferdast fritt.

– Endeleg kom det dyrebutikk i Os sentrum, det er kortare veg for meg. Eg er storkunde på kattemat og frø og nøtter til fuglar og ekorn, og eg er kjempenøgd med den nye butikken.

Tredobla utval

Ingvild Jansen har òg to kattar, i tillegg har familien akvarie med fiskar i.

På opningsdagen hadde ho med sonen Even Nikolai (10 mndr) for å sjå på dei første fiskane som har kome på plass.

– Det blei mykje betre med denne storleiken på butikken. Vi har reist ein del til Midthun for å kjøpa fisk, det slepp vi gjerne no.

Nokre varegrupper har blitt kraftig utvida i det store lokalet, blant anna med tre store veggar fylt med fôr og utstyr til hund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.