Lokal | 19. sep. 2011

Endeleg på plass

Etter å ha stått halvferdig i nær to år er endeleg fotgjengarfeltet ved Sundøybrua på plass.

Endeleg på plass
Andris Hamremandag 19. sep. 2011 07:23

I oktober 2009 skreiv Midtsiden.no om forttauet som hang i lause lufta utpå Sundøybrua mellom Bruarøy og Sundøya. Forttauet kom for å laga eit sikrare krysningspunkt for elevane ved Søre Øyane skule.

- Skuleungar og andre har måtta kryssa vegen på eit punkt med svært dårleg sikt. Overgangen, som ikkje er skilta, er i starten av ein sving, fortale Kenneth Garvik om den gamle kryssinga den gongen.

Sikringa av skulevegen hadde då vore ein kampsak for FAU ved skulen i 5-6 år allereie.

Skulestart 2010: Framleis ikkje ferdig

Nesten eit år var gått då vi tok opp att saken i august 2010. Då var fortauet på plass, opphøgd krysningspunkt var laga og skilta var på plass (om enn tildekka av plast).

Arne Håkon Rød i Os kommune fortalde den gongen at han hadde lov seg sjølv at fortauet skulle vera opna til skulestart og at kommunen difor hadde vore ute og opna fortauet.

Men overgangen blei ikkje merka den gang heller då Statens vegvesen meinte det var naudsynt med ei trafikkteljing.

Februar 2011: Nok fotgjengarar

I februar 2011 hadde Statens vegvesen gjennomførd trafikkteljinga og kome fram til at det var grunnlag for å merke fotgjengarfeltet.

- Det er litt få bilar, men mange nok fotgjengarar. Samla sett har vi vurdert det sånn at det er grunnlag for fotgjengarfelt her, fortalde Tor Høyland frå Statens vegvesen då.

Men før det kunne gjerast måtte siktlinja får dei små fotgjengarane betras.

- Vi vil bruka noko som blir kalla Svelvik-ellipse, ein støypekant som er låg, men godkjent som kjøresterkt rekkverk. Det vil seia at støypekanten er sterk nok til å hindra at bilar kjører av brua.

Prosessen krev planarbeid, høyring hos politiet, godkjenning - og ein periode med bygging fortalde Høyland då.

Skulestart 2011: Endeleg på plass

Då Midtsiden var ein tur i Øyane i forrige veke kunne vi med sjølvsyn sjå at no var både støypekant og sebrastriper komen på plass. Endeleg kan elevane på Søre Øyane gå trygt til skulen og ein lang kamp for FAU ved skulen har fått ei lukkeleg ending.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.