Endre Brenne overtar som hovudtrenar for Os
A-laget til Os har fått ny trenar, og ser no etter nye folk i administrasjonen.

I 2014 kom han tilbake til Os etter proffliv på øvste nivå på Island, i 2016 blei Endre Brenne dagleg leiar i Os Fotball.
Brenne har vore del av det sportslege apparatet rundt A-laget i fleire år, no er det bestemt at han overtar som hovudtrenar.
– Endre har gjennom åra vist stor profesjonalitet og veldig god sportsleg kunnskap. Han har vore avgjerande for at Os Fotball i 2018 blei kåra til årets klubb i Hordaland, seier styreleiar Jon Sivert Rykkel i ei pressemelding i kveld.
Brenne fråtrer stillinga som dagleg leiar når han overtar som hovudtrenar. Klubben vil i tida framover søkja etter folk i stillinga innan administrasjon og rundt akademiet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.