Stein Gjøsund, her i Vikjo i fjor sommar. (Arkivfoto: Andris Hamre)

Endring i brannsjef-saka

– Os kommune har trekt oppseiinga, fortel rådmann Christian F. Fotland.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I februar blei det kjent at Os kommune hadde sagt opp Stein Gjøsund, som har vore brannsjef i Os sidan 2003.

Rådmann Christian f. Fotland fortalte at det har vore utfordringar i arbeidsmiljøet ved brannstasjonen over lengre tid.

Gjøsund stilte seg uforståande til oppseiinga. Midtsiden har fleire gongar prøvd å få kontakt med adokaten hans, Einar Drægebø.

Måndag i førre veke veka sa han, i ein epost, at verken han eller Gjøsund ønskte å kommentera saka yttarlegare.

I dag kjem rådmann Christian F. Fotland med ei endring i saka:

– Stein Gjøsund har etter snart 15 år som brannsjef i Os bestemt seg for at han ikkje vil søkja stillinga som brannsjef i Bjørnafjorden kommune. Os kommune har trekt tilbake oppseiinga, og Gjøsund held fram som brannsjef fram til brannsjef for Bjørnafjorden kommune er tilsett, fortel Fotland per epost.

Partane har utover dette ingen yttarlegare kommentar, opplyser rådmannen.

Brannsjef-stillinga i Bjørnafjorden kommune vil bli lyst ut med det første. 

– Vi har eit mål om å ha ny brannsjef på plass tidleg på hausten i år, seier Fotland.

Fleire saker