Lokal | 27. mars 2017

Enkelte gir blaffen i dette skiltet

– Det kan koma til å kosta over 5000 kroner, seier politiet, som i helga gav muntleg åtvaring til fleire bilistar.

Enkelte gir blaffen i dette skiltet
Det er forbode for dei fleste å køyra inn på Osøyro etter klokka 23, alle kveldar i veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. mars 2017 08:29

I vinter har det vore nokre tilfelle av åtvaring til bilistar som har køyrd inn i Os sentrum etter klokka 23 om kvelden.

Også i helga har politiet åtvara bilistar som har køyrd inn i sentrum på natta, noko som tidlegare hadde ein sats på 4200 kroner.

– Ifølgje nye bøtesatsar er forelegget no på 5.350 kroner, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Forbodet kom i ei tid på 80-90-talet då det var kiosk midt på Øyro, og Torget var ein samlingsplass for ungdom i bilar, med tilhøyrande støy og ein og annan dose med børning.

– Vi har gjeve åtvaring i denne runden, men det kan koma gebyr om vi seinare treff bilistar i sentrum på natta.

Kontrollerte 90 bilistar på Ulven

Søndag morgon frå klokka 9.30 hadde politiet promillekontroll på Ulvenvegen.

90 bilistar blei kontrollert, alle var edrue.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.