Lokal | 21. apr. 2012

Enkle grep - strålande sti

Innspel: Idylliske Kvernelva ved Holt bør "hoggast fram" og få tursti. Trinn 2 og 3 kan vera flytebru og sti rundt halve Ulvenvatnet.

Enkle grep - strålande sti
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. apr. 2012 07:16

Bildeserie:

I dag er det mange som bruker snarveien om Kleivane. (Foto: KVB)
I dag er det mange som bruker snarveien om Kleivane. (Foto: KVB)
Men rett nedanfor renn denne idylliske vesle elva. (Foto: KVB)
Men rett nedanfor renn denne idylliske vesle elva. (Foto: KVB)
Kva med ein sti med start frå denne parkeringsplassen? (Foto: KVB)
Kva med ein sti med start frå denne parkeringsplassen? (Foto: KVB)
Ein sti, ein benk og ein skulptur så blir turen ei lita oppleving. (Foto: KVB)
Ein sti, ein benk og ein skulptur så blir turen ei lita oppleving. (Foto: KVB)
Så kjem du opp til Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Så kjem du opp til Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Sti vidare langs nordsida hadde vore eit fint trinn 2. (Foto: KVB)
Sti vidare langs nordsida hadde vore eit fint trinn 2. (Foto: KVB)
Med sti også til venstre er vi nesten rundt halve vatnet. (Foto: KVB)
Med sti også til venstre er vi nesten rundt halve vatnet. (Foto: KVB)
Med flytebru kan vi få ein fin runde utan å uroa forsvaret. (Foto: KVB)
Med flytebru kan vi få ein fin runde utan å uroa forsvaret. (Foto: KVB)
1 av 8
I dag er det mange som bruker snarveien om Kleivane. (Foto: KVB)
Men rett nedanfor renn denne idylliske vesle elva. (Foto: KVB)
Kva med ein sti med start frå denne parkeringsplassen? (Foto: KVB)
Ein sti, ein benk og ein skulptur så blir turen ei lita oppleving. (Foto: KVB)
Så kjem du opp til Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Sti vidare langs nordsida hadde vore eit fint trinn 2. (Foto: KVB)
Med sti også til venstre er vi nesten rundt halve vatnet. (Foto: KVB)
Med flytebru kan vi få ein fin runde utan å uroa forsvaret. (Foto: KVB)

I slutten av mars spurte idrettskonsulent Tom Leonsen i Os kommune og lokalpolitikar Eirik André Hesthamar frå tenesteutvalet etter publikum sine tips og ønskjer til kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv den komande åtteårsperioden.

Les òg: Frå små stiar til store anlegg

Her er éin idé - i tre trinn:

Trinn 1: Hogga fram idyllen mellom Os og Ulvenvatnet

Dersom det er vilje hos grunneigarane kan Os få ein idyllisk sti mellom Os sentrum og Kuventræ, frå Holtbrekka ved Os Næringspark langsmed Kvernelva opp til Ulvenvatnet.

Har du vore i Dyreparken i Kristiansand og gått den vesle stien, ikkje lang ifrå inngangen, langs bekken der alle dei store trollfigurane står?

Skogen rundt Kvernelva liknar litt på den, men er overgrodd og manglar sti, og kanskje nokre benkar og ein Mæland-skulptur eller to. I elva står allereie fleire murar, restar etter den gamle kverna.

Det ser ikkje ut som om andre har planar for dette området. Å hogga tre er nesten gratis, å laga sti er billig og enkelt.

Trinn 2: Realisera draumen om sti langs Ulvenvatnet

Med velvilje frå endå fleire grunneigarar kan trinn to vera sti langs Ulvenvatnet på nordsida, bort til til gravplassen. Herfrå går vegen vidare til Oshallen, Osbadet og Varåsen.

Tenk deg idyllen å gå frå Os sentrum opp langs den sildrande vesle elva, til blikkstille Ulvenvatnet og følgja vasskanten nesten heilt opp til Osbadet.

Trinn 3: Flytebru og sti rundt halve Ulvenvatnet

Med fin sti opp frå Os sentrum og vidare langs Ulvenvatnet på Kuventræ-sida er det naturleg å tenkja på heile runden.

Men er det nokon som tør å håpa på det? Tursti rundt Ulvenvatnet har vore ein våt draum hos fleire før. Forsvaret har sett ut til å vera vanskelegaste hinder. Dei aksepterer at folk går tur i området, og det er sti rundt delar av vatnet, men fast tursti rundt heile vatnet ser det ut som om folk har gjeve opp.

Kva med å styra unna området nærmast leiren, flystripa og dei mest brukte øvingsfelta?

Lag sti rundt "halve" vatnet og flytebru over der vatnet er på det smalaste, rett søraust for Mobergsbrua.

Igjen: Tenk å ta joggeturen rundt vatnet, ein runde eller to. Eller søndagsturen med barnevogn, heilt nede ved vatnet, med nokre benkar og ei flytebrygge eller to, der du kan gå utpå og ta eit stup.

Kvifor og korleis?

Sti mellom Os og Kuventræ, med dei store bustadfelta rundt Kuventræ, handlar om både samferdsle og mosjon. I dag er det fleire som bruker ein privat veg opp Kleivane, nær Kvernelva, som snarveg. Blant anna skulelevar.

Andre kjem susande på sykkel ned den bratte og smale bilvegen Holbrekka.

Men dei viktigaste argumenta er nok det å hogga fram idyllen. Den fine elva og den litt spennande skogen ligg der, litt bensin til motorsaga og nokre lass med grus så er vi der. Dette er billig.

Kva meiner grunneigarane?

Eg veit ikkje. Etter det eg har høyrt har fleire grunneigarar vist velvilje tidlegare, då det har vore snakk om sti rundt heile Ulvenvatnet, men om dette står ved lag og om dette gjeld alle grunneigarane, det er uvisst.

Om Leonsen, Hesthamar eller andre synes denne ideen høyres fristande eller lur ut, er det viktig dialog med grunneigarane. Både sti langs øvre del av Kvernelva og eventuell sti rundt delar av Ulvenvatnet vil gå over innmark, der dyr går og beiter, dyr som gjerne vil ha tilgang til vatn.

Grunneigarane kan ha fleire gode grunnar til å seia nei til fri ferdsle i vasskanten, eller til å verna om sine interesser i delar av områda rundt vatnet.

Det kan byggast grind og det kan lagast ein form for sakse-grind, om lag som på gang- og sykkelsti, slike som du slepp å opna og lukka, men som kyrne ikkje kjem seg gjennom.

Men først må kommunen ha vilje og løyve. Det positive med desse trinna er at første trinn har høg verdi også utan at andre- eller tredje trinn blir gjennomført.

Enkelt friluftsliv - for alle

Frå hotella i Os har eg høyrt at dei kunne tenkja seg å ha fleire turar å tilby turistane i Os, enkle turar i låglandet, der det er lett å finna fram, turar som også passar rørslehemma.

For ein som sit i rullestol ser eg for meg at ein tur rundt vatnet kan vera ei ekstra god oppleving, god rekreasjon, ei fin økt med friluftsliv.

Tursti rundt vatn er ikkje sjeldan vare andre stadar. Kva fine turstiar har vi i Os, som både er nær sjø og vatn, og er eigna for barnevogn og andre med fire hjul? Ervikane. Og ein tur frå Solstrand til Oseana, når Os Sjøfront er ferdig. Nei, gje oss ein runde rundt halve Ulvenvatnet.

Gode endestasjonar

Å knyta Os sentrum nærmare Osbadet, å knyta Varåsen nærmare Os sentrum, kan nok også bety litt for besøkstala til både bad, butikkar og kulturhus.

Går du frå sentrum er bading eller ein kaffi på Osbadet eller på fotballkamp eit naturleg mål, går du frå Kuventræ eller Varåsen rundt vatnet kan det kanskje frista med ein svipptur nedom sentrum eller Oseana.

Får Os kommune til eitt eller fleire av desse trinna trur eg det er noko mange vil ha glede av.

Kjetil Vasby Bruarøy
Redaktør, Midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.