Næringsliv | 27. jan. 2019

Er Askeladden tilbake på gamalt toppnivå?

Omsetnaden er dobla på fire år. Korleis var 2018 samanlikna med gamlefirmaet sitt toppår, 2006?

Er Askeladden tilbake på gamalt toppnivå?
Henrik Askvik og Askeladden Boats AS bruker framleis delar av fabrikklokalet, men produksjonen blir verande i moderne fasilitetar i Ostróda. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. jan. 2019 08:36

Askeladden Boats AS auka omsetnaden frå 130 millionar i rekordåret 2017 til 160 millionar i 2018. Årsrekneskapen er ikkje heilt klar, men skal landa «med greit overskot».

– Vi kan takka suksessen til det nye flaggskipet vårt, C83 Cruiser, for mykje av veksten. Vi leverte 34 eksemplar av denne i fjor, fortel dagleg leiar Henrik J. Askvik.

Etterspurnaden har halde seg oppe, produsenten skal levera 45 C83-båtar fram til sommaren 2019. C83 med største motor og full utstyrspakke kostar nesten 1,4 millioner kroner.

– Kva med den andre nye modellen frå 2018, den raske, fleksible is-knusaren P60 Multi?

– Den er utvikla for marknaden på Grønland, og det er der den har slått best an. Vi leverte 50 P60-ar til Grønland i fjor. Men vi selte 4-5 eksemplar eav den noko lettare varianten tilpassa norske fjordar. Eg veit at det blant anna køyrer ein hummarfiskar rundt i Sogn i 60 knop for å dra teiner, seier Henrik og ler.

• Les òg: Lanserer ny båt i neste veke

Nærmar seg «all time high»

Askeladden Boats AS Blei stifta i 2009, året etter finanskrisa i 2008, som sendte H.J. Askviks Sønner AS og fleire andre norske båtprodusentar til skifteretten.

Tysdag 2. juni same år var det støypestart på selskapets første båt, Askeladden bygg nummer 95.100. Produksjonen blei seinare flytta til Polen, men Askvik-familien har framleis handa på roret, og båtbyggartradisjonane frå Askeladden-starten i 1911 er tatt vare på.

Frå 2009 til første heile driftsår vaks omsetnaden frå 28 til 87 millionar kroner. Så har den svinga mellom 109 og 86 fram til den jamne veksten frå 2015 til 2018.

– Korleis er 160 millionar samanlikna med toppåret før finanskrisa i 2008?

– Viss ikkje eg hugsar feil var 2006 året med høgaste omsetnad. Vi passerte 300 millionar, fortel Henrik.

– Men dette var inkludert sal av båtmotorar. I dag går all omsetnaden av motor til båtane via selskapet som sel motorane, medeigar Danvik Invest AS, som eig 20 prosent av aksjane i Askeladden og 100 prosent av aksjane i Suzuki-importør Erling Sande AS.

– Sal av motorar til båtane våre utgjorde rundt 100 millionar kroner i fjor, fortel Askvik.

Samla omsetnad på 260 millionar nærmar seg med andre ord toppåret 2006.

Utvikling og produksjon i Polen

Askeladden har samarbied med Parker om utvikling av skrog, former og plugg hos Model Art i Polen. Philip Scott er medeigar i både Model Art og Parker-fabrikken, som produserer båtar for blant andre Askeladden, Windy og fleire andre norske og europeiske båtmerke.

• Les intervju med Philip Scott i batliv.com

Begge selskapa ligg i byen Ostróda, sør for Gdansk.

– Fabrikken er stor, med rundt 400 tilsette, men ikkje alle desse er involverte i Askeladden-produksjonen. Vi har hatt tilsette frå Os stasjonert i Polen tidlegare, no reiser til Polen minst ein gong i månaden for møter, planlegging og for å følgja produksjonen, fortel Askvik.

Askeladden Boats AS, som har base på kaien i Askvik, er likevel ikkje heilt ute av dei tidlegare fabrikklokala over Strønebrua. I april i fjor opna dei visningssenter, som ei permanent messe, i delar av bygget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.