– Er det du som speler på Os?

– Vi må få tatt oss ei trening snart, helsa landslagsstjerna Harald Reinkind då han møtte "maskotten" sin Mathias Aadland.

Landslagsstjerna Harald Reinkind møtte sin minihåndballgutt, Mathias Aadland frå Os, før kampen i Sotra Arena torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 06. apr. 2018 09:02

Denne helga speler herrelandslaget Gjensidige Cup i Sotra Arena. Torsdag slo dei Island 31-29. På tribuna satt ein ekstra spent gjeng med unge gutar og foreldra deira, nemleg minihåndballgutane.

Dette er herrelandslaget sine eigne maskotar dette året.

Blant dei er Mathias Aadland frå Os, med Reinkind på ryggen og eit ekstra blikk på den høgreiste bergenseren på høgrebacken.

Minihåndballgutta er eit prosjekt i regi av Gjensidige med mål om å motivera fleire gutar til å spele handball og å bli verande i idretten. Som landslaget har miniane samling i Bergen og oppdrag med å løpa inn med heltane før kampen mot Island.

– Det har blitt litt venting i dag, men det går fint. Vi møttest på hotellet før vi køyrde ut her. Medan vi har venta her ute har vi spelt ein liten intern kamp på den samme banen som landslaget skal spele på etterpå, fortalde Mathias til Midtsiden då vi møtte han på tribunen før landskampen.

– Har du snakka med Reinkind enno då?

– Nei vi har ikkje treft dei enno. Vi skal løpe inn med dei etterpå, også skal vi vera med på treninga deira i morgon, fortalde Mathias i det Harald Reinkind og eit par av dei andre spelarane kom inn på bana for å "kjenne litt på hallen" før oppvarming.

– Vi må ta ei trening på Os

Midtsiden tok Mathias med seg ned på banen for å helsa på idolet og for å få tatt eit bilete av dei to til lokalavisa.

– Hei, er det du som er frå Os, helsa Reinkind blidt då dei to blei introdusert.

– Eg må få tatt meg ein tur snart, så vi får tatt oss ei trening saman med dei andre gutane på laget ditt, smilte han til ein litt beskjeden Mathias Aadland.

Ein del av prosjektet med minihåndballgutta er nemleg at landslagsstjernene møter sin spelar på heimebane og gjennomfører ei trening saman med laget til spelaren.

Harald Reinkind kjem frå Fyllingen, men speler i dag for Rhein-Neckar Löwen i Tyskland. Han debuterte på landslaget 16. april 2011 og spelte torsdag sin 74. offisielle landskamp for Noreg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.