Næringsliv | 14. sep. 2013

Er det her du heng?

Det er ikkje berre alvor og arbeid når Steinsenteret har leverandørar på besøk.

Er det her du heng?
Roald Toppe sette ny rekord på 61 sekund fredag formiddag. Kor lenge klarer du? (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. sep. 2013 07:06

Denne helga har Steinsenteret litt ekstra aktivitet i og utanfor butikken sin i Kolskogen.

Leverandørar er på plass for å gje besøkande tips og informasjon, i tillegg kan du prøva deg i ein liten konkurranse.

– Den som heng lengst vinn gratis arbeidsklede, valfritt pagg frå Blåkläder, seier Roald Toppe.

Medeigaren i butikken slo rekorden medan Midtsiden var innom, og hang 61 sekund meg grep om buksene i stativet.

– Slepp fantasien laus

Atle Skandsen frå Sandnes-bedrifta Multiblokk er på plass i Kolskogen for å hjelpa folk å bygga finare murar og peisar.

– Det blei gjennombrotet for oss då vi byrja å bygga miljø og utstillingar, og ferdige pakkar med varer til å bygga for eksempel ein peis eller ein benk, seier Skandsen.

– Ting som verkar sjølvsagt på oss kan gje kundane ei aha-oppleving. Betongblokker kan brukast og byggast på utruleg mange måtar, men ikkje alle ser det før du viser det.

Flak for flak

Også dagleg leiar i Oppdal Sten AS, Petter Bye, er representert på Steinsenteret Os denne helga.

– Eg har jobba som steinhoggar, men no sit eg heldigvis på kontor, seier han og ler. Det er ein tung jobb.

På fabrikken har dei både maskin og tolv steinhoggarar, som manuelt hogg skiferen passeleg tjukk til sitt bruk.

– Anten det skal vera toppen på ein peis, eit trappetrinn eller ein platting så er det ulik tjukkleik på skiferen.

19 år gamle Oppdal Sten har vakse kvart år frå botnen i år 2000 til 2012.

– Vi sel litt meir til utandørs bruk, men i kroner er innandørs like viktig som utandørs, fortel Bye, som gjev tips og demonstrasjon til hobby-steinleggarar i Os under minimessa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.