Lokal | 23. juni 2018

Er det Tesla som bygger her?

Nye superladarar er under bygging. No ser det ut som om Rema får Tesla som nabo.

Er det Tesla som bygger her?
Anleggsarbeidet er i gang ved Rema 1000 Kuven stasjon. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juni 2018 06:11

I mai sto Os markert på kartet som ein av stadane Tesla vil bygga «supercharger».

Desse superladestasjonane kan toppa batteriet på ein Tesla på 30 minutt.

Ved Rema 1000 Kuven stasjon er delar av parkeringsplassen no sperra av og gravearbeid i ferd med å starta.

– Det har blitt skrive ein avtale med Tesla, men kva som kjem, eller kor tid, kan ikkje eg seia noko om, fortel kjøpmann Trond Hope.

Tesla supercharger er plassert nær Reitan-verksemder også andre stadar, som på Skulestadmo i Voss kommune. Det skal ha vore med suksess også for naboverksemdene, Rema 1000 og X/Y-stasjonen.

Tause hos Tesla

Då Midtsiden omtalte Tesla sitt kart i mai var næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, uvanleg knapp.

– Eg kan ikkje seia noko meir enn at eg har hatt eit møte med ein representant for Tesla Norge, sa Skotheim.

Hos Tesla er det heller ikkje meir informasjon å henta.

– Av prinsipp så uttaler vi oss ikkje om utbyggingsplanane våre, seier kommunikasjonssjef Even Sandvold Roland hos Tesla Norge.

Han vil førebels ikkje seia kor tid ladestasjonen skal vera ferdig eller kor mange ladepunkt som blir bygd.

Ifølgje tek.no skal den stå ferdig hausten 2018.

Tesla sin Voss Supercharger på Skulestadmo har 12 superchargarar. Alle er tilgjengelege døgnet rundt og gir opptil 120 kW.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.