Kultur | 11. juli 2013

Er det verkeleg slutt?

Brørne Lindborg får framleis spørsmål om ikkje det blir Rock N LOL fleire gongar. Sjølv har dei spretta ei flaske prosecco og sett fyr på siste rest.

Er det verkeleg slutt?
This was Rock N LOL: Tysdag var ryddejobben over – og det eine LOL-skiltet blei sett fyr på medan Lindborg-brørne tok seg eit glas med noko sprudlande i. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. juli 2013 11:23

6000 har gått heim etter 1,5 livlege døgn – roen har senka seg på Sanden på Søfteland, som var vert for Rock N LOL for siste gong.

Les òg: – Det er over!

– Søndag formiddag blei scenen rigga ned, så var det rydding av campen og resten av området, med salsbodar og bar, seier Andreas Lindborg.

Arrangørane fekk uventa hjelp av to jenter som gjekk på Drus Kæmp og leita etter noko søndag.

– Dei sa dei kunne koma tilbake måndag og hjelpa med å rydda. Regnet hølja og vi rekna ikkje med å sjå dei igjen, men jaggu dukka dei opp i regnklede, klare for oppdrag.

Rask prosess

Tysdag kveld var ryddejobben over. Det er nesten like lett å få tak i hjelp som til rigginga, fortel Andreas.

– Det gjekk fort i år, vi har aldri vore ferid så tidleg før.

Seint på kvelden blei eit av dei tre gamle treskilta sett fyr på. Ei flaske med italiensk musserande blei spretta.

– Er alle restar gått opp i eld?

– Nei, nei! Vi har tatt vare på fleire ting, som baren og eit anna skilt. Verten Olav ville ha eitt skilt hengande, som eit minne. Det synest vi var veldig kjekt!

Aldri meir?

Det har vore tett mellom dei gode tilbakemeldingane til arrangørane, frå starten heime i hagen til mor og far i 2007 til slutten natt til søndag 7. juli i år.

– Då vi sto og såg folkehavet under familiefesten laurdag så skjønte vi korfor vi har halde på med dette.

– Men sjølv om mange insisterer og spør, seinast i dag tidleg på facebook, så er det over no. Det kjem ingen ny Rock N LOL og vi kjem ikkje til å arrangera andre festivalar på Sanden.

– Det er vemodig, men vi ser fram til å få fri ein sommar etter alle desse åra. Det er gøy, men det er mykje jobb.

Rundar av med Datarock i Oseana

Om eventyret på Søfteland er over så blir det ein siste fest, ein fest også arrangørane kan delta på.

Festen blir i Oseana med Datarock, som har fylt plenen på Søfteland fleire gongar, på scenen.

– Det blir garantert ein knallbra fest, og noko å sjå fram til både for oss og mange av dei som har vore på festivalane våre, seier Andreas Lindborg.

Gravølet for Rock N LOL blir halde laurdag 21. september.

Les alt om dei siste fem åra til festivalen:
Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.