Lokal | 09. mai 2018

Er dette toppen av latskap?

Konteinaren er open og tom, likevel set folk bosset på taket, noko fuglane ser ut til å ha sansen for.

Er dette toppen av latskap?
Sånn ser det ut i Mobergsvikjo etter årets første dag med over 20 gradar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mai 2018 12:33

Bildeserie:

Konteinardørene er lukka, men ikkje låst. (Foto: KVB)
Konteinardørene er lukka, men ikkje låst. (Foto: KVB)
... og den er nesten tom. (Foto: KVB)
... og den er nesten tom. (Foto: KVB)
Naboar har hengt opp lapp for å forklara gjestane korleis ein konteinar kan brukast. (Foto: KVB)
Naboar har hengt opp lapp for å forklara gjestane korleis ein konteinar kan brukast. (Foto: KVB)
Likevel flyt det med boss på og rundt konteinaren. (Foto: KVB)
Likevel flyt det med boss på og rundt konteinaren. (Foto: KVB)
1 av 4
Konteinardørene er lukka, men ikkje låst. (Foto: KVB)
... og den er nesten tom. (Foto: KVB)
Naboar har hengt opp lapp for å forklara gjestane korleis ein konteinar kan brukast. (Foto: KVB)
Likevel flyt det med boss på og rundt konteinaren. (Foto: KVB)

I april fekk vi ein forsmak på sommar, i går var årets varmaste dag til no med 21 gradar i Os.

På godvêrsdagane har folk vore raske med å kosa seg ved sjøen, og i sjøen, ikkje minst i det sentrumsnære friluftsområdet Mobergsvikjo ved Oseana.

Saman med folk følgjer avfall. Dei siste vekene har naboar ergra seg over, og undra seg over, korleis gjestane i Mobergsvikjo ikkje orkar eller ikkje klarer å opna dører på ein konteinar.

– Konteinaren er nesten heilt tom, men folk set berre bosset oppå konteinaren! Det seier seg sjølv at det ikkje er der det skal stå, og at dette fører til at fuglar rotar i bosset og får det til å sjå endå verre ut i dette fine området, seier ein nabo på telefon til Midtsiden-redaksjonen.

Saman med andre naboar har han formulert eit skriv og hengt opp på konteinaren, utan at det ser ut til å hjelpa.

Auka kapasiteten i fjor

Det er Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) som har drift av området.

– Før sommaren i fjor auka vi kapasiteten. Vi såg at det å ha fleire bosspann rundt omkring ikkje fungerte. Var det fullt i eitt bosspann så var det ikkje snakk om å ta søppelet sitt til neste bosspann, eller å ta det med heim, dei plasserte det berre ved sidan av, fortel driftsleiar Bjørn Nilsen.

Dei opplever tilsvarande åtferd fleire andre stadar.

– Vi har prøvd å fjerna bosspanna, og det fungerer greit, så lenge det ikkje er utedo i nærleiken. Då risikerer vi nemleg at enkelte kastar heile bossposar i do, så får vi den gjeve jobben med å fiska dette opp igjen.

Det blir ført tilsyn med konteinaren i Mobergsvikjo, når den nærmar seg full så blir det bestilt tømming.

– Kunne det vore skilta eller informert betre til gjestane?

– Vi meiner at det meste er ganske intuitivt, kvar grillane skal plasserast og kvar resten av bosset skal kastast. Det bør vera grenser for kva som må forklarast for folk og ikkje.

– I område utan bosspann eller konteinar, anten det er på fjell eller ved fjord, klarer folk stort sett å ta bosset med seg heim. Dette er ein tilleggsservice, noko vi håper folk skal ha glede og nytte av, ikkje noko som skal føra til auka forsøpling av fine friluftsområde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.