Lokal | 30. okt. 2013

– Er ein viss frustrasjon

Statens vegvesen måtte leggja innseiing på sin eigen reguleringsplan då Bergen kommune stilte krav om gang- og sykkelveg. I kveld blir saka avgjort.

– Er ein viss frustrasjon
Kor massane frå Lyshorntunnellen (påslag øverst i illustrasjonen) skal fraktast er ei utfordring (ill. Statens Vegvesen)
Andris Hamreonsdag 30. okt. 2013 09:40

Lars Atle Skorpen (Ap) ba i kommunestyret tysdag ordførar Terje Søviknes (Frp) om ein status på prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal.

– Det gjer eg meir enn gjerne, men det er utfordrande å sjå det totale bildet, svarte ordføraren.

Tek tid

Utfordringa går på kor ein skal gjera av steinmassane frå tunellane som skal drivast frå Bergen-sida.

Statens vegvesen har utarbeidd tre reguleringsplanar for moglege deponi etter at det blei klart at Avinor ikkje kunne ta i mot massane ute på Flesland. Desse tre er Hordnesskogen, Hordnesvegen/Hordnes og Liavatnet.

– Det er eit krav frå finansdepartementet om at desse skal vera på plass før saka kan sendast stortinget.

– Reguleringsplanarbeidet tek tid, og spesielt i Bergen kor dei har ein palamentarisk modell med byråd og bystyret, forklarte Søviknes.

Motsegn mot eigen plan

Planane er no kome så langt at dei skal til 2. gangshandsaming i Bystyret i dag. Korleis utfallet bli er uvisst.

– Problemet er at på reguleringsplanen vegvesenet har fremja, så har Bergen kommuen stilt rekkjefølgjekrav som vegvesenet ikkje kan akseptera.

– Difor har vegvesenet vore nøydd til å fremja motsegn mot sin eigen plan.

Ei form for utpressing?

Bakgrunnen for dette er at Bergen kommune krev gang- og sykkelveg i Skeievegen. Dette inbefattar eit området i Rådalen kor det tidlegare var bossdeponi og dermed eit område det er knytt mykje usikkerheit med og potensielt høge kostnadar til.

– Saka har vore til mekling hjå Fylkesmannen uten at det førte fram, men det er avtalt eit nytt meklingsmøte i morgon tidleg, altså før handsaminga i bystyret, forklarte Søviknes.

– Eg opplever ein viss frustrasjon hjå prosjektleiinga i Statens Vegvesen som nok føler ei viss form for utpressing frå kommunen si side.

– Bergen kommune freister å få løyst noko som ikkje har med utbygginga av E39 å gjera, samstundes forstår eg at dei vil ta vare på dei mjuke trafikantane i anleggsperioden.

Kan forlenga prosjektet med 2 til 2,5 år

Statens Vegvesen har i følgje ordføraren vurdert å driva Lyshorntunnellen i sin heilheit frå Os-sida for å ta ut massane på Os i staden for i Bergen.

– Dette vil i så fall medføra ei auka anleggstid på to til to og eitt halvt år.

– Etter det eg kjenner til har vegvesenet og vurdert om dei skal ta fram att planane om sjødeponi.

– Tidlegare har dei vurdert Fanafjorden, no har dei også lansert Bjørnafjorden som ein moglegheit, fortalde Søviknes.

Rimeleg sikker på oppstart i 2014

Trass i utfordringane med steindeponia er ordføraren rimeleg sikker på at spaden kjem i jorda i løpet av 2014.

– Om vi får ei tilfredsstillande løysing onsdag, så er det godt håp om at prosjektleiinga kan fremja stortingsproposisjonen for stortinget før jul.

– Blir det ikkje klart, så vil det nok gå over jul før saka kjem til stortinget.

– Uansett må ein søkje å finna ei løysing i løpet av vårsesjonen. Ein treng seks månader på å få saka ut på anbod og få entreprenørane inn i området.

– Ei fysisk oppstart i marka i løpet av 2014 er rimeleg sikkert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.