Lokal | 02. jan. 2012

Er Hamnesjefen sjuk?

Svanefamilien er tilbake i Os og brannvesenet hadde nettopp eit mislykka forsøk på å fanga sjefen i flokken.

Er Hamnesjefen sjuk?
Svanefamilien er i dag tilbake i Oselvo. Svanefar er til høgre i bildet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. jan. 2012 13:10

Os brannvesen har fått meldingar frå engasjerte privatpersonar som er uroa for helsa til faren i svaneflokken som har halde til i Os det siste året.

Men ungane har lært seg å fly, og dei siste vekene har familien vore på tur. Flokken skal blant anna ha blitt observert både på Søfteland og på Tysnes.

I går kveld skal flokken ha kome tilbake til Os og Oselvo, og måndag i 12.30-tida gjorde brannvesenet eit forsøk på å fanga svanefaren, populært kalla "Hamnesjefen", på grunn av måten den har markert revir på etter at ungane blei fødd.

Kan få hjelp

– Privatpersonar som har engasjert seg i saka har også avtalt med Osøyro Dyreklinikk, at dei skal undersøkja fuglen viss vi fangar den, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

I dag låg svanefar på graset i Finnebrekka medan familien sumte rundt på Oselvo. Dei som er uroa for fuglen meiner den verkar svak og at den ikkje et.

– Men då vi kom mot den var den rask med å koma seg på elva. For oss såg den ikkje så svak ut, seier Gjøsund.

Ikkje proff nok

Gjøsund seier han er i usikker på kor mykje brannvesenet skal stå på for å få fuglen fanga.

– Vi er ikkje profesjonelle fuglefangarar. Kanskje dette er ei sak for viltkontakten Os kommune brukar.

– Men om fuglen blir tydeleg sjuk og svak, eller ligg sånn til at den er lettare å fanga, vil vi sjølvsagt ta den inn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.