Sport | 17. jan. 2023

Er nøgd med utviklinga til laget

Emil Andreas Fjær om status etter ein tøff start på 2023.

Er nøgd med utviklinga til laget
Emil Andreas Fjær og assistenttrenar Runar Walaker i ein timeout i haust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. jan. 2023 10:53

Handballdamene til Os leverte årsbeste heime mot TIF Viking i slutten av november, men gjekk på to store tap før jul og starta 2023 med tap for dei to topplaga.

– Starten på årets første kamp (mot Viking laurdag) var ikkje så god, men så kom vi oss etter pause og heldt i grunnen fram mykje av det bra arbeidet mot Bjørnar søndagen, seier hovudstrenar Emil Andreas Fjær.

Laurdag blei det timålstap for serieleiar TIF Viking, søndag tapte Os 24-32 for tabelltoar Bjørnar.

– Vi møter nok ikkje sterkare motstand enn dette, og eg ser ei positiv utvikling både som lag og enkeltvis hos spelarane.

Fjær meiner det defensive byrjar å sitja, men offensivt er det litt meir å jobba med. Borte mot Stord før jul skåra Os berre 14 mål.

– Det var ein spesiell kamp, sju av spelarane vi hadde med oss var sjuke. Men vi har for tida fokus på det offensive, på det å ha litt meir ro i angrep, og det å ta sjansane når dei dukkar opp.

Ein av toppskårarane frå førre sesong, Amanda Holthe, måtte ut med skade i kampen mot TIF Viking i november. Ho skal no vera nær på å bli speleklar igjen.

– Elles har vi hatt få skadar. Det har vore noko sjukdom, men samla sett bra treningsoppmøte no på nyåret.

Os speler også neste kamp på heimebane. Den går mot Bønes laurdag 28. januar.

Bønes står med 6-0-4 etter ti kampar, Os står med 2-1-8 på elleve kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.