Lokal | 13. okt. 2012

Er under behandling

Politiet ber om tips etter fallulykka i går. Helse-Bergen fortel om tilstanden til mannen.

Er under behandling
Ambulansen på moloen utanfor Oseana, klar for å ta pasienten med til luftambulansen på Kyrkjeflaten i Os sentrum. (Mobilfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 13. okt. 2012 13:31

Klokka 23.27 fredag kveld fekk politiet melding om ulykke på Oseana.

Les òg: Hamna utfor muren

Ein mann hadde hamna utfor plattingen utanfor foajeen til Oseana og ned på asfalten ved utkjørsla til moloen.

Mannen blei henta av ambulanse som kjørte han vidare til Kyrkjeflaten der luftambulansen overtok.

– Tilstanden er alvorleg, fortel Ragnhild Dårflot Olsen ved kommunikasjonsavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Søkjer fleire vitneobservasjonar

– Vi tar åstadundersøkingar på Oseana i dag og vil prøva å danna oss eit bilde av kva som har skjedd, seier politibetjent Tom Johannessen.

– Patruljen fekk snakka med nokre vitne i går, men vi er interessert i å snakka med fleire, både dei som snakka med vedkomande i forkant og spesielt om det er nokon som såg sjølve ulykka.

Politiet når du på mobil 480 02 480.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.