Erik Walden er blant deltakarane i realityserien «Øya», som TV2 kjem med herreversjon av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Erik Walden er blant deltakarane i realityserien «Øya», som TV2 kjem med herreversjon av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Erik Walden på TV2 Øya

I vinter har vi sett 12 kvinner kjempa om å overleva på ei øde øy i Stillehavet. Når «herre-øya» kjem på TV er det med ein osing som deltakar.

Kjetil Vasby Bruarøy
27. februar 2017 - 14:40

TV2 kalla «Øya» for deira tøffaste reality-program nokosinne. Tolv kvinner blei droppa i sjøen utanfor ei øde øy i Stillehavet og måtte kjempa om å klara seg utan mat og nesten utan vatn.

Programmet, som hadde premiere 2. januar (TV2.no), er som Robinson, men utan lag og konkurransar anna enn det å skaffa mat for å overleva i fire veker.

På TV2.no kan du korleis kvinnene reagerte då dei såg seg i speglet for første gong på fire veker, etter store vekttap.

Førre måndag var siste episode, ein episode som blei sendt i reprise onsdag og søndag. Etter programmet har det kome reklame for neste «Øya», då får vi sjå korleis herrane har klart seg.

Avslører deltakar frå Os

Før premieren i januar fekk Midtsiden høyra rykte om deltakar frå Os, men verken TV2 eller deltakaren sjølv ville kommentera ryktet.

Heller ikkje no, når det har kome ut at herreversjonen av Øya kjem på TV2, har Midtsiden fått svar.

– Eg kan ikkje kommentera dette, seier Erik Walden til Midtsiden.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå TV2 sin pressetalsmann, men i reklamesnutten for det komande programmet får vi stadfesta ryktet:

Brannmann Erik Walden frå Os, som fyller 47 år i år, er blant deltakarane.

Midtsiden veit førebels ikkje kor tid herreversjonen av «Øya» har premiere.

Erfaren og eventyrlysten redningsmann

Erik Walden er ikkje berre brannmann, som jobbar deltid med sal av sportsutstyr for MX Sport, han har erfaring frå fleire redningsaksjonar utanlands - og frå fritidsreiser utanom det vanlege.

I 2015 var han ti dagar med NORSAR (Norwegian Search and Rescue) i eit jordskjelvramma Nepal.

• Les òg: Ei meiningsfull og god oppleving

Sommaren 2010 padla han, saman med sambygding Bjørn Tore Eriksen, 100 mil gjennom villmark i Canada.

• Les òg: I mål i Baker Lake

Erik har kanskje arva nokre eventyr-genrer frå far, pappa John Walden, som vaks opp i Trinidad og Tobago, viste stor interesse for blant anna Kon Tiki før han i 1964 ufrivillig hamna i eit dramatisk eventyr då «Stolt Dagali» havarerte i ishavet utanfor New York.