Kultur | 06. juli 2011

Erlend til Os

Erlend Bratland, som vann Norske Talenter i 2008, speler i Os i juli.

Erlend til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juli 2011 13:17

Erlend Bratland var 17 år då han i 2008 vann Norske Talenter. Han starta med å entra audition i rocka Marilyn Manson t-skjorte for så å servera ei låt noko mjukare enn imaget, med O Holy Night blei juryen både overraska og imponert.

I finalen vann han med Anouk-låta Lost, ei låt det unge sangtalentet også hadde med på debutalbumet True Colors, som kvinnheringen gav ut på hans eigen 18-årsdag, 27. oktober 2008.

Laurdag 30. juli speler Erlend Bratland på nattklubben Irish Cat i Os sentrum.

– Eg kom i kontakt med Erlend via ei jente frå Os, Trine Lekven Nilsen, som eig frisørsalongen som Bratland jobbar på, fortel Patrick de Castro frå Irish Cat.

Bratland jobbar på Adam og Eva i Bergen og heile frisørsalongen tar turen til Os for å halda sommarfest medan kollegaen skal på scenen.

– Det blir ein intimkonsert med begrensa plass, vi tar cover som vanleg, det blir ikkje sal av billettar. Bratland held ein minikonsert på rundt ein time, før og etter blir det DJ, seier de Castro.

Fleire vil ha DJ

Irish Cat, som opna i desember i fjor, har halde fram med LIVE-musikk kvar helg sidan start, men i vår supplerte dei med DJ annakvar fredag.

– Sånn er det framleis, LIVE kvar laurdag og annakvar fredag med LIVE/DJ.

– Men vi har fått så gode tilbakemeldingar på DJ-ane våre at det blir nok litt meir DJ framover.

Quiz og poker

Erlend Bratland blir naturlegvis det største namnet på Irish Cat-scenen denne sommaren.

Elles held torsdagsquizen fram utan ferie, det same gjer det populære nye tilbodet med poker kvar onsdag.

– Vi starta med pokerkveldar for ei lita stund sidan, utan pengar, på lovleg måte, men det har samla 15-25 spelarar kvar veke.

Dei som speler betaler inngangspengar som andre. Deltakarane kan risikera å få seg ein sponsa tur.

– Kvar femte veke deler vi ut ei reise til ein europeisk storby, ein gong i halvåret blir det tur til USA. Turane blir trekt blant deltakarane og er sponsa av Irish Cat, fortel de Castro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.