Lokal | 23. des. 2018

Erling H. Øyasæter tatt ut på landslaget

– Det var veldig kjekt å få denne beskjeden rett før jul, seier ro-talentet frå Os.

Erling H. Øyasæter tatt ut på landslaget
Erling Holst Øyasæter, her under NM i 2017. (Foto: Estela Re-Ma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. des. 2018 09:07

Erling Holst Øyasæter (24) fekk fredag beskjed om at han er del av Norges Roforbund si elitegruppe i 2019.

– Det var ein veldig god beskjed å få. Uttaket ser førebels ikkje ut til å vera offentleggjort, men eg har fått både kontrakten og programmet for neste år, seier Erling på telefon frå hyttetur med familien.

Han la opp som sisteårs junior i 2012, gjorde comeback i 2014 og fekk ro U23-VM i 2016. I sommar fekk han verdscupdebuten sin (senior), der han òg fekk ro dobbeltfirar med Olaf Tufte.

Fekk positive signal

Erling tar no steget opp frå utviklingsavdelinga på landslaget til elitegruppa.

– Eg fekk nokre positive signal i haust, og då eg høyrde at landslaget skulle dela elitegruppa opp på nytt, skimta eg håp.

Dei som frå før er gode nok til å ro OL blir tatt opp i eiga OL-gruppe, noko som gir rom for nye namn i elitegruppa.

– Eg meiner det er seks utøvarar i OL-gruppa og 10 i elitegruppa. I tillegg kjem utviklingsgruppa.

– Ifølgje programmet skal elitegruppa og OL-gruppa reisa og trena mykje saman.

Kan kvalifisera seg til OL 2020

I 2019 blir det fleire treningsopphald i utlandet enn før. Den første testen blir samlinga før EM og, om han kvalifiserer seg, EM 31. mai.

– Etter EM er det to verdscup, så kjem VM, som er kvalifisering til OL i Japan i 2020.

– Det blir eit veldig spennande år, og eg er innstilt på å kjempa hardt for å kvalifisera meg til flest moglege meisterskap.

Stolt klubb

Os Roklubb er stolt over å ha fått ein utøvar på landslaget.

– Han er einaste landslagutøvar klubben har hatt, utanom Bård Alfred Monsen, som var aktiv fram til 2004, fortel rosjef Eirik Vevatne.

– Vi i klubben er naturlegvis stolte, og eg veit at både Erling og dette uttaket er til stor inspirasjon for ungdomane vi har i klubben.

• Les òg: Os tok to titlar i UM

Vevatne gler seg på Øyaseter sine vegne. Landslagsdeltaking med mykje reiseutgifter stiller visse økonomiske krav til klubben, ei utfordring klubben tar med eit stort smil.

– Men det er mogleg at vi blir litt meir synlege ute i sponsormarknaden i månadane som kjem. Lokalsamfunnet skal få høve å støtta topproaren vår på veg mot EM, VM og kanskje OL, seier Eirik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.