Sport | 27. juni 2018

Erling rodde med Tufte

Erling Øyasæter debuterte i verdscupen med å ro dobbeltfirer saman med verdsstjerna og rolegenda Olaf Tufte.

Den norske dobbeltfireren med Olaf Tufte (nærmest kamera) og Erling Øyasæter (lengst fra kamera). Erik Solbakken, Oscar Stabel Helvig i midten (foto: Balint Czucz)
Andris Hamreonsdag 27. juni 2018 10:35

Sist helg debuterte Erling Øyasæter frå Os under verdscupstemnet i Linz i Austerrike. Han var tatt ut til å ro dobbelttoer saman med Jørgen Nilsson.

– Det løpet gjekk ikkje som forventa. Vi rauk ut i oppsamlingsheatet og var svært skuffa over eigen innsats.

– Vi sat og deppa i lagsteltet rett etter løpet då landslagstrenaren kom bort til meg og sa at eg måtte hoppa inn for Martin Helseth, som hadde problem med ryggen, i dobbeltfiraren, fortel Øyasæter til Midtsiden.

I den båten sat frå før Erik Solbakken, Oscar Stabel Helvig og Olaf Tufte.

– Ei sjuk oppleving

For Øyasæter var det berre å få på seg utstyret og komma seg ut i båten.

– Vi tok oss vidare frå oppsamlingsheatet og vidare til semifinalen. Den blei sånn passe, slik at vi kom til B-finalen. I den hadde nok gutta gitt litt opp, så det blei ikkje det heilt store løpet for vår del.

– For min eigen del så var det ein sjuk oppleving å få ro saman med den gjengen der. Dei er skikkeleg gode.

Klare tilbakemeldingar

Om å få ro med verdsstjerna og rolegenda Olaf Tufte seier Øyasæter at det var litt skummelt, men utruleg lærerikt.

– Olaf er veldig ærleg i tilbakemeldingane sine. Du får høyre det om du ikkje gjer som du skal. Han er veldig sjef, så i båten var det berre å gjera som han sa.

– Samstundes så var det veldig lærerikt. Han, og dei to andre, tok meg umiddelbart med som ein del av laget og kom med konstruktive og gode tilbakemeldingar.

– Då eg fekk beskjed om at eg skulle ro med dei så gjekk eg bort til Olaf. Tilbakemeldinga då var også veldig tydeleg; – Du skal berre følgje oss og ikkje gjera noko anna!

– Utruleg kult

Os-roaren fortel at det var spesielt å debutera i verdscupen.

– Det var utruleg kult å vera med på. Du møter jo stjernene som du har sett opp til, og plutseleg så står dei ved siden av deg.

– Kva er det neste no?

– Eg venter på ei tilbakemelding på om eg får ro dobbelt i Henley Royal Regatta i London. Det er ein av dei største regattaene i verda, med ei veldig spesiell ramme rundt med veldig mykje publikum. Blant anna så må roarane gå med blazer når dei går langs bredden. Landslaget har vald denne regattaen i staden for tredje runde i verdscupen.

– Etter det så kan EM i august vera aktuelt, før det er VM i september, oppsummerer Øyasæter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.