Lokal | 28. feb. 2013

Estetikk gav temperatur

34 rekkjehusleilegheter og 9 einebustader skal byggast i Mobergslia. Sjeldan har ein diskusjon i PBU dreid seg så mykje om kva som er fint og ikkje.

Estetikk gav temperatur
Plan- og bygningsutvalet fekk ein frisk og fin diskusjon om estetikk då dei drøfta utbygginga i Mobergslia (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. feb. 2013 14:42

Då Plan- og bygningsutvalet bestemte seg for å leggja ut detaljreguleringa for den kommunale eigedommen i Mobergslia (rundt Christian Michelsen-villaen) blei det ikkje ein diskusjon om kor mykje som skulle byggjast ut, men korleis det skulle bli sjåande ut.

- Dette blei ein sjeldan god diskusjon, smilte Sigrid Aanestad Bakke (KrF) då debatten var over.

Aanestad Bakke har i fleire møter freista å setje utforming av bygg og byggjeområder på dagsorden, men har i liten grad lukkast.

Då utvalet diskuterte konseptet og detaljreguleringa for Mobergslia fekk ho endeleg gehør.

Skisser på konsept

Området omfattar «heile» Mobergslia rundt den gamle villaen som Christian Michelsen i si tid bygde.

- Vi meiner den estetiske utforminga må sjåast opp mot villaen.

- Nokre lik funkis-stilen, andre lik sveiter-stien. Smaken er som baken, men det som ligg i desse planane er ikkje fint, meinte Torill Keys (Ap) som trakk fram studentsenteret på Nygårdshøgden som eit godt døme på gode løysingar.

- Utgangspunktet er at kommunen lyste ut ei konkurranse om eit konsept. Konseptskissene ligg i planskildringa, så det ligg allereie litt i konsptet, svarte utvalsleiar Ståle Skaatun (H).

Ikkje eit nytt Hjelle eller Hovland

Harald Døsen (Ap) var redd for at utbygginga skulle bli eit nytt Hjelle eller Hovland med høge murar og stygge skråningar.

Spesielt uroa var han for tre einebustadtomter frampå skråningen ned mot Solbakken.

- Dei blir veldig synlege både frå Bjørnafjorden og innover mot Os, meinte Døsen.

At dei blir synlige var det ikkje diskusjon om, men kva føringar utvalet skulle leggje for utforminga av husværa var ikkje like sjølvsagt.

- Det er ingen som vil ha ein hage som det der, meinte Sonja Vernøy (Frp).

- Skal dei ha hage kjem det murar, og det må vi hindra. Skal vi påverka det må vi gjera det no.

Max 1,5 meter

Etter mykje fram og tilbake blei utvalet einige om å tilføye eit punkt i reguleringsføresegnene som seier at

«Det visuelle og estetiske utrykket i heile feltet må vektleggjast i stor grad.
Når det gjeld felt BF1 det særskilt takast hensyn til overordna estetikk og korleis dette vil sjå ut frå sjø.
Terrassering må vektleggast under opparbeiding av kvar einskild tomt og høge murar over 1,5 meter kan ikkje tillatast.»

Meir tur-parkering

Friluftsmannen Harald Døsen ivra òg for å auke dei offentlege parkeringsplassane frå dei 11 som låg i planen.

- Liafjellet er veldig populært. Vi bør kanskje dobla eller tredobla antalet.

- Om vi seier 30 plassar seier vi samstundes at det skal vera hovudutgangspunktet for Liafjellet. Det vil vera synd å laga ein stor parkeringsplass og då samstundes auka trafikken på vegen.

- Det finst mange vegar opp til Liafjellet, svara Ståle Skaatun, som likevel kunne vera med på å auke til 20 plassar, noko resten av utvalet var med på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.