Kultur | 17. sep. 2018

«Ett år i vår hage»

Botanikar Egil Risnes kjem til Os med foredrag og bildekåseri.

«Ett år i vår hage»
Frå Egil Risnes sin hage på Nesttun. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. sep. 2018 08:59

Torsdag 20. september er neste møte i Os Hagelag.

Då kjem hageentusiast og botanikar Egil Risnes for å fortelja om hagen sin.

«Eitt år i vår hage» er tittelen på bildekåseriet.

– Egil har ein allsidig og frodig hage på Nesttun, med drivhus, hagedam, frukttrær, bærbuskar, grønsaker, sommarblomar og masse staudar, seier Jan Helge Gram Eggestøl.

– Vi får høyra korleis hage-året blir planlagt og korleis hagen blir stelt gjennom året. Her vil det vera mykje inspirasjon å henta og mange gode tips å få.

Møtet er i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

– Det vil som vanleg bli servert godsaker og høve til triveleg hageprat. I tillegg har vi loddsal med fine hagepremiar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.