Kultur | 30. juni 2020

Etter ein vår med avbestillingar tar Midthordland-eigarane regi på sommaren

Arrangerer tre musikk-cruise frå Os og Våge i juli.

Etter ein vår med avbestillingar tar Midthordland-eigarane regi på sommaren
Eigarane av MS «Midthordland» har sett opp eige program for å halda propellen i gang gjennom sommaren. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. juni 2020 11:09

MS «Midthordland» fekk seg eit skot for baugen i oljekrisa i 2015, med avbestilte firmaturar i ulike variantar. Men den gamle sjøbussen frå 1947, som no har blitt «Bjørnafjordens Dronning», har halde seg flytande.

– Det tok seg opp i 2018 og 2019, og vi hadde ein veldig fin inngang på 2020, fortel Espen Aspenes, medeigar i Det Midthordlandske Dampskibsselskap AS, som eig båten.

Så kom korona, og rundt 40 bestillingar blei kansellerte, frå bryllaup og blåtur til Tysnesfest og Skånevik Bluesfestival.

– Vi sto igjen med to; oppdraget vi hadde for Vedholmen Galleri no i juni, og ei bestilling for ein vinimportør som vil på tur frå Bergen i august.

Fire timar med mat og musikk

For å lappa på ein skadeskoten sesong har Midthordland-eigarane no sett opp tre cruise med mat og musikk gjennom juli.

– Vi har redusert frå 150 til 100 passasjerar for å tilfredsstilla smittevernkrav.

Alle dei tre cruisa har avgang frå Os først, så frå Våge, og saman får osingane og tysnesingane fire timar på fjorden.

Country, blues og pop

MS Midthordland har vore brukt av både Osøren Blues & Jazzfestival og andre festivalar til cruise med musikk om bord.

Denne sommaren blir det assortert utval av sjangrar.

– Vi startar med blues, så country og til slutt trubadurar som speler litt av kvart, fortel Aspenes om dei tre cruisa.

Valentina syng countrymusikk på første av tre cruise med MS Midthordland i sommar. (Pressefoto)
Valentina syng countrymusikk på første av tre cruise med MS Midthordland i sommar. (Pressefoto)

Det første sig ut Os hamn laurdag 11. juli. Valentina Boyanova frå Porsgrunn, opprinneleg frå Bulgaria, som blant anna har sunge med Lynn Anderson og Bonnie Tyler, og har Stephen Ackles med seg på duett på siste plata si.

Dei neste to laurdagane står bluesmusikk med Steinar Lyssand, Dag Bergesen og Vetrhus-trommis Bjørn Moe, og Face 2 Face (Leif Østrem og Trond Pedersen) på plakaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.