Lokal | 02. jan. 2012

Etterforskar drapssak

Politiet stadfestar at dei etterforskar dødsfallet i Gamleheimshagen som ei drapssak. Kommunen har krisemøte.

Etterforskar drapssak
Politi og hundepatrulje er på staden. Politiet går frå dør til dør for å snakka med naboar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. jan. 2012 01:07

Søndag klokka 21.37 blei ei eldre kvinne funnen død i husværet hennar i Gamleheimshagen i Oshaugen.

Det var ein heimesjukepleiar som fann kvinna.

Ein mann blei ifølgje politiet observert i husværet kort tid før ho blei funnen død.

Store politistyrker og hundepatruljer er på staden. Politiet driv søk i området og går frå dør til dør for å høyra om noko har sett noko som kan ha med saka å gjera.

Politiet er framleis interessert i tips på 02800.

Lensmann Rasmus Dalen seier til BT.no at saka blir etterforska som ei drapssak.

Full etterforskning

Måndag morgon fortel Dalen at dei held fram med full taktisk og teknisk etterforsking. Han vil av etterforskningsmessige hensyn ikkje gå inn på kva funn som gjorde at dei iverksatte etterforskning.

Politiet veit foreløpig ikkje identiteten til mannspersonen som blei observert i husværet til kvinna før heimesjukepleien fann ho.

- Vi ønskjer kontakt med alle som har vore i nærleiken av kvinna i det aktuelle tidsrommet også denne mannen, seier Dalen.

Ifølgje BT blei fleire tilsette i open omsorg i Os kommune kalt inn på møte seint søndag kveld, for å gå gjennom ein debriefing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.