Lokal | 26. mars 2021

Etterforskar mogleg gjerningsperson frå Os

Politiet med åtvaring og tips til tenåringsforelde.

Delinga av materialet skjer ofte via Snapchat, betaling er ofte via Vipps. (Skjermbilde: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mars 2021 11:13

I går delte Bjørnafjorden lensmannskontor eit Facebook-innlegg frå politiet sin nettpatrulje.

Innlegget handlar om ungdom som sel seksualiserte bilde og filmar av seg sjølv, og inkluderer eit skjermbilde av «prislista» til ein ungdom.

– Dette skjermbildet er ikkje frå ein telefon i Bjørnafjorden. Vi har heller ikkje nokre saker under etterforsking nett no, som handlar om slike forhold, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

– Men slike saker kryssar ofte kommunegrenser når det kjem til offer og overgripar. Eg kjenner til at det er ei etterforsking i Tromsø som inkluderer ein mistenkt, ung mann frå Os, legg ho til.

I Facebook-innlegget åtvarer politiet mot fenomenet. Samtidig gir dei tips til foreldre.

– Dei siste åra har politiet registrert ein auke i mengda barn som sel seksualiserte bilde og filmar av seg sjølv. Det er straffbart å kjøpa seksualiserte bilde og videoar som viser barn og unge under 18 år, skriv politiet.

Delinga av materialet skjer i hovudsak over Snapcha. Til betaling blir Vipps ofte brukt.

– Dei fornærma er ofte jenter i alderen 13-16 år. Gjerningspersonane er i hovudsak menn, men vi ser òg ungdommer som gjerningspersonar.

Politiet sine råd til foresatte:

  • Snakk med ungdomane om sal av nakenbilder og moglege konsekvensar. Mange sier ikkje ifrå at dei har kome i ein vanskeleg situasjon av frykt for straff og sinte foresatte.
  • Følg med på betalingstenester og legg merke til betalingar frå ukjente personar.
  • Kontakt politiet dersom det kjem fram at noko straffbart har skjedd. Dette er særlig viktig ved mistanke om tvang og trugslar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.