Lokal | 02. jan. 2019

Etterforskar valdsepisode nyttårsaftan

Ei kvinne er mistenkt for promillekøyring, tre gutar er mistenkt for å sprenga postkassar og to unge menn blir avhøyrd i samband med ein valdsepisode.

Etterforskar valdsepisode nyttårsaftan
Politiet møtte tre gutar som er mistenkt for å stå bak sprenging av postkassar i Os sentrum tysdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. jan. 2019 08:53

Første nyttårsdag fekk politiet melding om ein valdsepisode på ein privat fest nyttårsaftan.

– Det er to involverte, ein gut i slutten av tenåra og ein mann i starten på 20-åra, fortel politioverbetjent Rune Fimreite.

Guten i slutten av tenåra var til legevakt med skader i ansiktet etter episoden. Politiet kjenner identiteten til mistenkte i 20-åra, og har oppretta sak.

Kvinne mistenkt for promillekøyring

Politiet fekk tysdag formiddag melding om ein bil som køyrde vinglete på E39 retning Os.

Bilen blei stoppa i nærleiken av UnoX-Svegatjørn.

– Bilførar er mistenkt for å køyra med promille og blei tatt med til legevakt for blodprøvetaking.

Bilførar er ei kvinne i 30-åra frå Os. Det er tatt beslag i førarkortet hennar.

Hærverk med fyrverkeri

Høyrde du nokre kraftige smell i Os sentrum i går, etter at fellesfyrverkeriet var over?

Politiet fekk melding om hærverk i form av sprengte postkassar.

Ein patrulje møtte tre gutar som er mistenkt for å stå bak hærverket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.