Sport | 27. mai 2019

Etterlengta jubel for Os 2

Tok sin første siger etter opprykket til 4. divisjon.

Etterlengta jubel for Os 2
Matchvinnar Henrik T. Sperrevik (midten) blir gratulert av dei to andre målskårarane,  Elias H. Myrlid og Niklas L. Fosen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. mai 2019 22:27

Bildeserie:

Trio utlikna tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Trio utlikna tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Sjanse til Os 2. (Foto: KVB)
Sjanse til Os 2. (Foto: KVB)
Kvittingen nær skåring. (Foto: KVB)
Kvittingen nær skåring. (Foto: KVB)
Innlegg av Duvarci. (Foto: KVB)
Innlegg av Duvarci. (Foto: KVB)
Sperrevik skaut forbi keeper. (Foto: KVB)
Sperrevik skaut forbi keeper. (Foto: KVB)
Men i stolpen. (Foto: KVB)
Men i stolpen. (Foto: KVB)
Nytt skot. (Foto: KVB)
Nytt skot. (Foto: KVB)
Sperrevik sette returen, 2-1 til Os 2! (Foto: KVB)
Sperrevik sette returen, 2-1 til Os 2! (Foto: KVB)
Jubel kort tid før slutt. (Foto: KVB)
Jubel kort tid før slutt. (Foto: KVB)
Myrlid på løp. (Foto: KVB)
Myrlid på løp. (Foto: KVB)
Kunne skote, men la inn til Fosen. (Foto: KVB)
Kunne skote, men la inn til Fosen. (Foto: KVB)
Fosen fekk god treff på ballen. (Foto: KVB)
Fosen fekk god treff på ballen. (Foto: KVB)
3-1 til Os 2. (Foto: KVB)
3-1 til Os 2. (Foto: KVB)
Elias og Niklas nøgde med første trepoengar for sesongen. (Foto: KVB)
Elias og Niklas nøgde med første trepoengar for sesongen. (Foto: KVB)
1 av 14

Os 2 spelte 7. serierunde måndag kveld, på heimebane mot Trio.

Trio landa på 5. plass med 37 poeng i fjor, i naboavdelinga til Os sitt A-lag, men har berre tatt 5 poeng på dei første 6 kampane.

Os 2 starta serien i ny divisjon med uavgjort med Frøya, men så kom fem tap på rad, 3-0 for Varegg, 3-4 for Trott, 3-1 for Djerv, 2-4 for Øystese og 2-1 for NHH.

Os 2 - Trio 3-1 (1-0)
Målskårarar, Os: Elias Heggland Myrlid (1-0), Henrik Tysse Sperrevik (2-1) og Niklas Lunde Fosen (3-1)
Os 2 sin tropp: Erlend Østgulen Hevrøy, Thomas Felic Færævik, Oscar August Lekven Fimreite, Simon Moberg Søvik, Henrik Johannessen, Scott Holger Nord Drange, Vegar Solstrand Ludvigsen, Erlend Sørås Storebø, Sander Fagerbakke Kvittingen, Frode Storebø, Alexander Tøssebro, Kerem Duvarci, Elias Heggland Myrlig, Henrik Tysse Sperrevik, Marius Een Lyssand, Bjarte Halhjem, Niklas Lunde Fosen og Tobias Nøss.

I kveld gjekk Os 2 i føringa, men gjestane utlikna tidleg i andre omgang, og først i sluttminutta, etter to stolpeskot og tre turar åleine med keeper utan skåring, kom dei avgjerande måla.

– Dette unner eg verkeleg gutane. Dei har jobba knallhardt gjennom heile oppkøyringa og dei har vore det førande laget i 4 av dei 6 første kampane. Eg er glad det ikkje glapp i dag, seier trenar Martin Røttingen Eidsvik.

– Eg har eit nesten heilt nytt lag i forhold til i fjor, i tillegg har det vore ein del skader i A-stallen, så vi har stilt med låg snittalder. Men gutane viser disiplin og styrke, og i dag fekk dei utteljing for arbeidet dei legg ned. Det var synleg på feiringa av Henrik si 2-1-skåring, og vi var letta då Niklas la på til 3-1, seier Eidsvik.

Neste kamp går borte mot Sandviken.

• Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.