Sport | 25. jan. 2019

Etterlengta sesongopning

1800 besøkte Eikedalen førre helg. Tysdag var 800 på kveldskøyring.

Etterlengta sesongopning
Eikedalen ein snørik januardag for to år sidan. No er sesongen endeleg i gang igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. jan. 2019 14:58

Vinteren kom seint til alpinanlegga på Vestlandet denne sesongen. Voss og Myrkdalen opna for halv maskin, Eikedalen fekk heisane i drift først førre helg.

– Sjølv om vi berre hadde Setertrekket og barnetrekket ope, hadde vi til saman 1800 gjestar på to dagar.

– Det blei litt kø, men no har vi opna fleire løyper og fleire heisar. Kapasiteten er dobla i forhold til opningshelga, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum.

800 på pudderføre på kveldstid

Det kom 35 cm snø fredag i førre veke, og nye 15 cm laurdag. Natt til laurdag kom nye 15 centimeter.

– Tysdag hadde vi ekstra flott føre på kveldstid, då var også Tvillingtrekket i gang.

Vestlendingar underernært på snø følgjer med på vêrmeldingane, tysdag var det 700-800 i bakken.

– Vi har hatt kveldskøyring heile veka, også no i kveld er heisane opne.

Kan opna fleire løyper i helga

Mens Tvillingtrekket og Bergensløypen opna tysdag, er løypa til høgre for det doble trekket (sett frå botnen) opna først i dag.

– I morgon reknar vi med å kunna opna også venstresida. Då er alle lysløypene våre opne.

Det er meldt meir snø laurdag. I helga er det òg venta noko vind.

– Korleis ligg de an oppe i fjellet, med Fjellheisen og Stolheisen?

– Vi treng ein sole av tung snø i botnen for å preppa på toppen. I fjor fekk vi ein sole over heile fjellet omtrent første dag, i år har det vore lite snø og tørr snø. Vi har heller ikkje snøproduksjon øvst oppe, så vi treng påfyll frå oven før vi kan opna.

– Er vi heldige, at det kjem mykje snø i natt og i morgon - eller at meldingane snur og det kjem snø utover i veka, så kan vi ha alle heisane opne neste helg.

– No gler vi oss over å vera i gang, og har tru på at spesielt kveldskøyringa i neste veke blir veldig bra, seier Tønjum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.