Etterlengta utviding

Om nokre veker står nye Lyssand Gartneri ferdig. Anlegget er om lag dobbelt så stort som før brannen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2009 13:06

Bildeserie:

1 av 6

− Behovet har vore der lenge, og vi har sett etter tomt tidlegare òg. Men vi hadde aldri konkrete planar om nybygg før flammane tok nesten halvparten av anlegget, seier Bård Lyssand.

I mars 2008 gjekk 3500 kvadratmeter av gartneriet på Skeie opp i røyk. 4500 kvadratmeter sto igjen. I oktober opnar nybygget på 7000 kvadratmeter. I tillegg skal eit nytt bygg på 2000 kvadratmeter husa pakkerom, kjøl, kontor og kantine. Eit spesielt bordsystem og nytt varmeanlegg skal sørgja for effektiv og miljøvenleg drift.

Tungvint mellomperiode
Pakkerom og kjølerom var blant det som gjekk med i brannen. Medan nytt gartneri har blitt bygd har det vore produksjon i gartneriet som sto igjen. Men denne bygningen har også husa pakking og kjøl.

− Det har vore tungvint, men vi har klart oss fint, seier Bård Lyssand.
Kundane har vore trufaste og vist forståing for situasjonen, Lyssand-gutane har blant anna kjøpt halvfabrikat og justert temperaturar for å driva optimalt på det arealet dei har hatt disponibelt i denne mellomperioden.

På skjener
Det nye gartneriet er ikkje berre stort, det blir langt meir effektiv å driva.

− Vi har hatt 10-12 mann gåande på bygget i vekevis. Dei har blant anna produsert 50 bordplater om dagen, fortel Thomas Lyssand.

− No skal ikkje gartnarane lenger gå rundt borda for å stella med plantene, no kjem plantene til oss.
Borda går på skjener.

− Å få ein fast arbeidsstasjon der vi lar borda rullerer kjem til å bety mykje både for effektiviteten og for trivsel og kvalitet.

Nytt varmeanlegg
Nybygget har fullisolert nordvegg og trelags polykarbonatplater på dei andre veggane. I taket heng to lag med isolerande gardin. Slik held gartneriet betre på varmen, og varmen kjem frå ei betre kjelde enn før.

− Vi har investert i nytt varmeanlegg med gassbrennarar og gjenvinning av varme frå røyk. I same slengen har vi kopla dette også til den gamle delen av gartneriet. Det blir både lågare kostnadar og betre for miljøet å kvitta seg med dei gamle oljebrennarane, seier Bård.

Under dei nye borda er det bygd basseng, eller reservoar for spelt gjødselvatn.

− Dette samlar vi opp og brukar på nytt, også det sparar både kostnadar og miljø, forklarar Thomas.

For fullt frå første dag
De tar tid å fylla eit gartneri med planter, men i midten av november skal jobben vera ferdig.

− Då har vi 7000 kvm med i hovudsak liljer og tulipanar. Delar av bordet har to etasjar, slik at tulipanar, som ikkje treng sol dei første vekene, kan stå under øverste bord.

− De aukar produksjonskapasiteten kraftig. Er marknaden for blomar god nok til at de kan produsera for fullt frå start?

− Vi fyller opp frå første dag, og alt vi dyrkar er i utgangspunktet bestilt.

− Men det er alltid litt risiko, vi er ikkje garantert at forhandlarane sel godt nok av alle varene. Omsetnaden og farten i marknaden bestemmer kva type planter vi dyrkar, så vi kan ha fullt gartneri også i litt rolegare tider.

Bård reknar med at dei treng rundt to nye tilsette ved gartneriet når utvida versjon er ferdig. Frå før er det 10 fast tilsette ved gartneriet på Skeie og 10 på deltid i tulipansesongen om vinteren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.