Birk og Nora er spent på korleis høgsesongen skal gå unna med dei nye, sjølvbetjente kassane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Birk og Nora er spent på korleis høgsesongen skal gå unna med dei nye, sjølvbetjente kassane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lita utviding av kompakt landhandel

Duka for pizza- og bollehandel i ekspressfart på Vedholmen.

Kjetil Vasby Bruarøy
21. februar 2021 - 21:10

Bunnpris Vedholmen Landhandel har auka kasse-kapasiteten med 50 prosent, frå 2 til 3, og samtidig fått langt større plass mellom høgre og venstre betalingsflanke.

– Det har jo vore ein flaskehals på dei travlaste dagane, og det er jo dei travle dagane mange skal på småhandel for å kjøpa is eller pizza, seier dagleg leiar Anne Brimsholm.

No blir det kanskje ikkje andre bollar, men raskare bollar.

– Me fekk dei to nye sjølbetjente i drift på tysdag. Det blir spennande å sjå korleis det fungerer, men dei fleste er nok vant med å bruka sånne frå før, seier Birk Kvalvaag og Nora Kvinge Austevoll.

Frå flaskehals til motorveg. (Foto: KVB)
Frå flaskehals til motorveg. (Foto: KVB)

God avlasting

Det er ikkje berre i høgsesongen Brimsholm ser for seg å dra nytte av dei sjølvbetjente kassane.

– Me har god handel sju dagar i veka, året rundt, men det varierer jo kor mange som er på jobb, og dei tilsette har både varemottak og plassering i hyllene å ta seg av, seier Anne.

– No blir det lettare for dei tilsette å gjera andre oppgåver. Det skulle vore ein port for skanning av kvittering, den fekk me ikkje plass til. Men det finst jo fleire butikkar som klarer seg utan, og me er vant med at folk gjer opp for seg.

Fjoråret blei gjennomført med maks 5 i butikken frå mars, no er dei oppe i 8 kundar i slengen. Koronaåret gjekk likevel greit, med eitt unntak.

– Det blei lite catering hos oss, som hos mange andre i den bransjen. Me får håpa det tar seg opp med selskap i år.

Vedholmen hadde maks 5 i butikken om gangen førre pinse. (Foto: KVB)
Vedholmen hadde maks 5 i butikken om gangen førre pinse. (Foto: KVB)

 

Les meir om

Næringsliv Handel