Lokal | 15. aug. 2012

Etterlyser vitne

Tok førarkortet: Politiet etterlyser fleire vitne etter forbikøyringar på Hatvikvegen i 16.30-tida.

Etterlyser vitne
Andris Hamreonsdag 15. aug. 2012 19:35

Politiet fekk i 1630-tida melding om ein liten raud varebil/"pizzabil" som dreiv med stygge forbikøyringar på Hatvikvegen.

- Bilen hadde etterkvart punktert og stoppa. Føraren fekk beslaglagt førarkortet, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Politiet har vore i kontakt med nokre vitne, men ønskjer no kontakt med eventuelle fleire som har sett den raude bilen si ferd.

- Er det nokon som har sett bilen og forbikøyringane den foretok før den stoppa med punktert hjul ber vi dei om å kontakta oss, oppmoder Fimreite.

Lensmannskontoret kan kontaktast på telefon 480 02 480.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.