Lokal | 18. feb. 2019

Etterlyser vitne etter valdsepisode ved Esso

Ein mann i 40-åra blei slått og sparka av inntil tre personar.

Etterlyser vitne etter valdsepisode ved Esso
Politiet vil sjekka kameraopptak frå Esso etter ein valdsepisode i 3-tida natt til søndag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. feb. 2019 08:39

I 3-tida natt til søndag blei ein mann i 40-åra utsett for vald frå fleire personar.

– Han er ikkje alvorleg skadd, men blei frakta til legevakt av patruljen, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Episoden skjedde utandørs på eller ved Esso-stasjonen i Os sentrum.

Etterlyser vitne

Det er førebels ukjent kven gjerningspersonane er.

– Det kan vera snakk om inntil tre personar. Vi vil sjekka kameraopptak frå stasjonen, men er òg interessert i opplysingar frå vitne til episoden, seier Grindstein.

Politiet har ikkje detaljar om opptakten til hendinga, men slik saka ser ut no framstår det som «ganske uprovosert».

To promillekontrollar

Politiet har få andre notatar frå helga, anna enn to trafikkontrollar.

I 4-tida natt til laurdag hadde dei promillekontroll på Lyseklostervegen nær Ulven leir. Tre bilistar blei kontrollert, alle var edru.

I 8-tida søndag morgon sto politiet i krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen. 16 bilistar blei kontrollert, også alle desse var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.