Næringsliv | 04. aug. 2018

Europa rundt i over ti år

Sidan 2007 har Berit jobba åleine. Ho vil ikkje veksa og spår framleis at vi kjem til å fly mindre i framtida.

Europa rundt i over ti år
Berit Sjøvold Askvik driv selskapet frå heimekontor. Hagen er inspirert og møblert frå turar på kontinentet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. aug. 2018 08:01

Bildeserie:

Etter ein tur til Jersey blei det pergola heime i Askvik. (Foto: KVB)
Etter ein tur til Jersey blei det pergola heime i Askvik. (Foto: KVB)
Lakkert vulkanstein: Bordet er kjøpt på Malta. (Foto: KVB)
Lakkert vulkanstein: Bordet er kjøpt på Malta. (Foto: KVB)
I sommar var Berit på tur med Nore Neset skulekorps. (Privat foto)
I sommar var Berit på tur med Nore Neset skulekorps. (Privat foto)
Kyrkja i St Johann. (Foto: Destinasjon Europa)
Kyrkja i St Johann. (Foto: Destinasjon Europa)
Gamlevegen gjennom Brennerpasset, under Europabrücke. (Foto: Destinasjon Europa)
Gamlevegen gjennom Brennerpasset, under Europabrücke. (Foto: Destinasjon Europa)
Bergiselbakken. Her brann OL-elden i 1976. (Foto: Destinasjon Europa)
Bergiselbakken. Her brann OL-elden i 1976. (Foto: Destinasjon Europa)
Korpset fekk spela fleire stadar. (Foto: Destinasjon Europa)
Korpset fekk spela fleire stadar. (Foto: Destinasjon Europa)
Hotell med basseng var populært hos ungdomen. (Foto: Destinasjon Europa)
Hotell med basseng var populært hos ungdomen. (Foto: Destinasjon Europa)
Vakre Fiberbrunn. (Foto: Destinasjon Europa)
Vakre Fiberbrunn. (Foto: Destinasjon Europa)
Hus i Sterzing/Vipiteno. (Foto: Destinasjon Europa)
Hus i Sterzing/Vipiteno. (Foto: Destinasjon Europa)
Skulen i Matrei blei bomba ved eit uhell då dei allierte trudde Hitler og Mussolini hadde møte i byen. (Foto: Destinasjon Europa)
Skulen i Matrei blei bomba ved eit uhell då dei allierte trudde Hitler og Mussolini hadde møte i byen. (Foto: Destinasjon Europa)
– Vi lo av dei som selte turar frå heimekontor. No er vi tre frå tidlegare Runway som trivst som små. (Foto: Destinasjon Europa)
– Vi lo av dei som selte turar frå heimekontor. No er vi tre frå tidlegare Runway som trivst som små. (Foto: Destinasjon Europa)
1 av 12

Berit Sjøvold Askvik blei kasta ut i det og måtte lesa seg opp i ekspressfart.

– Eg hadde tatt reiselivsfag og reiseleiarskule og blei hyra inn som reiseleiar hos ein turoperatør i Bergen. Normalt var det dei mest garva reiseleiarane som fekk ta gruppeturane til dei krevende jobbene, som Roma, fortel Berit.

– I mangel på reiseleiarar blei eg sendt på denne turen på kort varsel.

Ho liker å vera godt førebudd, men fekk få dagar til å lesa seg opp - og å skriva gode notatar.

– Eg hugsar best når eg skriv, så det blei mykje skriving før dei første turane. Også mens eg var på tur.

Etter turen til Roma blei ho tilsett på kontoret i avdeling for gruppeturar.

– No i sommar har eg vore på nokre turar til destinasjonar som er nye for meg, så då var det tilbake til start, med kveld etter kveld med studier og skriving om reisemålet.

Starten i bransjen var i Runway Unitur midt på 90-talet, så ho hadde god fartstid då ho i 2007 starta for seg sjølv.

Gamle og nye favorittar

Destinasjon Europa jobbar utelukkande på gruppemarknaden, med 10 til 90 deltakarar i kvar gruppe, og deltar sjølv på 10-12 av turane sine per år. Men ho sender òg av garde ein del grupper som reiser utan guide.

– Normalt er gruppene frå 10 personar og opp i storleik, men eg har nokre faste kundar i mindre grupper, blant anna ein kameratgjeng på seks personar og ein gjeng med fire venepar som kjøper tur hos meg med fast frekvens.

– No i sommar har eg vore i Montenegro med ei kunnskapsrik gruppe. Eg har vore mykje i fleire av nabolanda i tidlegare Jugoslavia , men her blei det mykje interessant å setja seg inn i før avreise.

Til hausten skal Berit fleire turar til Albania, som òg er nytt land for den bereiste turoperatøren.

– Frå før var Italia og Austerrike favorittane mine, men Montenegro var fantastisk vakker og eg gler meg til å besøka Albania.
Ho tar også med seg minne og inspirasjon heim. Midtsiden er på besøk øvst i Nedre Askvik, i den idylliske hagen, bygd opp med inspirasjon frå fleire av Berit sine mange reiser.

– Pergolaen er ein idé frå Jersey, bordet er slipt og handlakka vulkanstein frå Malta. Eg var den første norske kunden deira.

Vil ikkje veksa

Destinasjon Europa AS blei stifta hausten 2007. Frå 2008 til i dag har omsetnaden vore stabil på rundt 4 millionar kroner, nedom 3,7 i 2012 og opp i over 6 millionar allereie andre heile driftsår, i 2009.

– Du er framleis åleine, har du vurdert å utvida med fleire tilsette?

– Ja. Firmaet mitt fekk ein pangstart og år nummer to blei endå meir travelt. Men eg har ein innebygd skepsis til det å veksa, truleg etter å ha set andre turoperatørar veksa, for så brått å bli selt eller kollapsa.

– Eg skulle likt å seia at eg er ein stor arbeidsgjevar i heimbygda, men må nok nøya meg med at eg har skapt denne eine arbeidsplassen til meg sjølv.

– Då eg jobba for Runway flirte vi litt av dei som sat «heime på kjøkkenbenken» og lagde turar. No ser vi at både halvstore og store selskap stort sett blir kjøpt opp. Samtidig er vi to tidlegare kollegaer som i mange år har drive kvar våre firma frå kvar våre heimekontor. Og sjefen sjølv har som pensjonist starta opp eit nytt lite firma. Hvorfor vera stor når du har det fint som liten? spør Berit.

Tar risikoen

Fordelane med å kjøpa reise hos ein turoperatør kan vera fleire, ikkje minst om noko går gale, at delar av turen blir ramma av forseinkingar, at transport blir kansellert eller at ein leverandør har gått konkurs.

– Som turoperatør må Destinasjon Europa AS stilla nødvendige garantiar ovanfor Reisegarantifondet, vi er òg medlem av Hovedorganisasjonen Virke.

Største risiko til no har likevel vore brå svingingar i valuta.

– Prisane vi går ut med i starten er med atterhald, og tar høgde for svingingar, men reisene blir betalt nokre veker før, og det har hendt nokre gongar at svingingane har vore store dei siste vekene inn mot avreise. Då blir det mitt tap, og enkelte gongar har det svidd litt, men eg liker å vera snill med kundane mine.

På 50-årstur med Nore Neset skulekorps

Berit har vore engasjert i korps i ei årrekkje, og korps som skal på tur har vore ei viktig kundegruppe.

– Ein av turane eg hadde i sommar var for og med «mine eigne». Det var veldig kjekt å laga eit opplegg og å vera saman med Nore Neset skulekorps sine flotte ungdomar på tur.

Korpset fekk mykje sosialt samvær, bading, tur til høge fjelltoppar og til ulike landsbyar i Austerrike for å spela konsert. Vi hadde òg ein dagstur til Italia.

– Det er lenge sidan sist korpset var på utanlandstur, men no då korpset fylte 50 år meinte fleire at det var på tide, seier Ingunn Fykse.

Ho har vore med på å planlegga turen, og er glad for at ein lokal turoperatør kunne hjelpa.

– Det er eit bra aldersspenn i korpset, frå 10 til 18 år, men vi fekk eit opplegg som gjorde at alle hadde det kjekt. Berit sto på då praktiske utfordringar måtte løysast på strak arm, og det var akkurat passeleg dose med organisert aktivitet og tid til fri bruk. Vi hadde ein kjempetur, fortel Ingunn.

Berit måtte reisa rett frå München til Paris for å møta eit anna norsk korps ho har sendt på tur, eit korps som skulle spela i Disney World. Ho fekk sjølv nokre utfordringar med si eiga flyreise, men dette løyste seg i siste liten.

– Eg kom inn i Disney World og fram til konserten fem minutt etter at den starta.

– Bør fly mindre

Ho har ergra seg både på vegne av seg sjølv og andre når flyselskap skuffar på målstreken, og ikkje evner å yta god nok service når det først har gått gale.

– Nokre gongar er dei flinkare enn andre, men det skjer mykje rart på flyplassar rundtom.

Dei fleste av dagens turar går ikkje med buss frå Noreg til kontinentet, men med fly til reisemålet og buss rundtomkring.

– Då eg starta i 2007 så sa eg i intervju med Midtsiden at eg trudde bruken av fly ville gå ned, mens bussreiser ville gå opp. Her står vi i dag og ser tvert imot at mengda flyreiser aukar og aukar.

– Eg meiner dette ikkje kan halda fram, ikkje minst med tanke på miljøet. Eg håper og trur at trenden vil snu, at vi finn nye og betre måtar å reisa på enn å fly så mykje som vi gjer i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.