Solstrand Hotel og Bad | 16. juni 2022

Europeisk heiderspris til Børrea

Børrea Schau-Larsen er tildelt Gaspart Bonet Foundation-prisen.

Børrea Schau-Larsen i spa-avdelinga på Solstrand. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruaroy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juni 2022 06:09

Onsdag fekk Børrea Schau-Larsen overrekt Gaspart Bonet Foundation-prisen av NHO Reiseliv.

Overrekkinga fann stad i hagen på Solstrand. Sjølve tildelinga skjedde under den 83. HOTREC-generalforsamlinga i franske Lyon i november i fjor.

Gaspart Bonet Foundation-prisen blir delt ut til personar som «på en bemerkelsesverdig måte har bidratt i en årrekke til den europeiske reiselivsindustrien».

Menneske og miljø

126 år gamle Solstrand har gjennom fleire generasjonar utvikla eit gjestegrunnlag som rommar både lokalsamfunn, norske og internasjonale gjestar, akademia og næringsliv.

– Ho er til stor inspirasjon for heile reiselivsbransjen, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

NHO Reiseliv-direktøren roser Børrea for hennar leiarskap og evne til å ta vare på medarbeidarar.

– På Solstrand handlar det både om gjestane sin trivsel og om medarbeidarane si velferd, der det å bygga gode gjesteopplevingar og eit godt og lærande arbeidsmiljø er likestilt, seier Krohn Devold til NHO Reiseliv.

– Børrea driv eit historisk hotell som har lykkast med å vera i forkant av miljøvenleg drift heilt frå midten av 1980-talet, då hotellet byrja å bruka fjorden som varmekjelde.

Les ògMiljøfyrtårnet Solstrand

Blant dei beste hotella i Europa

«Mrs Schau Larsen has won prizes for her managerial skills, for creating an excellent working environment and for promoting female leadership» skriv Hotrec om tildelinga.

Hortec legg til:

«The Solstrand hotel was included in the list of 500 best hotels in the world and today is a popular choice among local visitors and international tourists».

Andre vinnarar av prisen i 2021 er Guillaume Gomez, Andrej Prebil og Jürgen Mädger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.