Eva Kristiansen i debuten sin i går. Profilbilde innfelt. Foto: Ole Jørgen Olsen og Bjørn Erik Nesse (portrett). 

Eva Kristiansen debuterte i eliteserien

Spelte for Fana i kamp mot stjerner som Heidi Løke og Linn Jørum Sulland. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Då Fana i går tok imot Vipers Kristiansand, som vann serien førre sesong og tok 3. plass i Champions League, fekk keeper Eva Kristiansen frå Os debuten sin Rema 1000-ligaen (øvste nivå i norsk handball).

Den talentfulle osingen var 15 år då ho i 2010 blei tatt ut til aldersbestemt landslagssamling med eitt år eldre jenter. På forsommaren kom ho heim som nyutdanna sivilingeniør innan cyberteknikk og robotikk ved NTNU i Trondheim.

– Eg var glad då eg fekk innpass i treningsgruppa til Fana då eg kom heim. Sjukdom i troppen gjorde at det òg blei debut på meg i dag, og det var gøy å få kjenna på nivået, sa Eva til Midtsiden etter debuten i går.

Får skryt av Lyssand

I Trondheim har ho halde formen ved like på Charlottenlund, der ho var med på opprykk til 1. divisjon, og i innspurten på studiene med Sverresborg i 2. divisjon. No speler ho i hovudsak med Fana 2 i 2. divisjon, men trener med førstelaget.

– Det er kjekt å sjå Eva igjen, og vi er glade for at ho kom til Fana då ho kom heim til bergensområdet igjen! seier Fana-trenar Erlend Lyssand, også han frå Os.

Erlend trente Os då Eva i 2011 debuterte på seniorlaget i 2. divisjon same veka som ho fylte 16 år.

– Eva er både talentfull og treningsvillig. Sjølv om vi er einige om at ho i starten er tredjekeeperen til førstelaget, trener ho som om ho var førstekeeperen vår, tidleg om morgonen før jobb, i tillegg til ettermiddag eller kveld.

– Då førstekeeperen vår var sjuk var Eva enkel å be om å sitja på benken, og då ho kom innpå klarte ho seg veldig bra, synest Lyssand.

Kampen og debuten

Storfavoritten Vipers hadde vunne 4 av 4 kampar før møtet med Fana i går. Heimelaget hadde ein svak kamp i førre runde, og ville revansjera prestasjonane.

– Det synest eg vi klarte, spesielt i første omgang. Dette var ikkje ein kamp vi hadde rekna med å vinna, eg synest vi klarte oss bra i store delar av kampen, spesielt med det offensive.

Til pause sto det 18-21, Fana tapte til slutt 28-38.

Eva kom innpå i 24. minutt. Då var stillinga 26-36. Keeperen frå Os redda skot av Tonje Haugjord Refsnes, og hindra at stillinga forverra seg.

Fleire saker