Sport | 14. okt. 2010

Eva på landslaget

Eva Kristiansen er tatt ut til landslagssamling, med eitt år eldre jenter.

Eva på landslaget
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. okt. 2010 19:14

I sommar var ho blant seks spelarar frå Hordaland som blei tatt ut til talentsamling i Drammen i august, i dag blei Eva Kristiansen frå Os invitert på landslagssamling på Olympiatoppen sitt toppidrettssenter i Oslo.

Eva, som er fødd i 1995, er med det blant 21 jenter på 94-landslaget.

Berre seks andre spelarar i troppen er fødd i 1995 og berre éi anna i uttaket er frå Hordaland (Birgitte Hagen frå Fyllingen, jenta som herja med Os i seriekamp i 2. divisjon tidlegare i haust).

Overraska over uttak
I siste del av talentsamlinga i Drammen blei nokre av jentene tatt med vidare til trening med 94-landslaget. Eva var den gong ikkje blant dei.

- Hadde du trudd dette etter samlinga i august?

- Nei. Der sa dei at dei håpa på å sjå oss på bylagsturneringa i Trondheim i februar, seier Eva.

Landslagssamlinga går over fem dagar i månadsskiftet oktober-november.

- Enorm treningsvilje
Frode Fyllingen har trent Eva sidan ho byrja med handball i tidleg barneskulealder.

- Utmerkte ho seg tidleg som eit stort talent?

- Eva er veldig atletisk, men eg vil først og fremst kalla ho eit stort treningstalent. Ho stiller alltid på trening, er veldig ambisiøs i det ho gjer og viser ei enorm vilje. Eva liker å trene og viser tydeleg at ho ønskjer å bli god.

I starten var Eva utespelar, og ho er framleis av og til ute på banen, men det er mellom stengene ho skil seg mest ut.

- Eg har vore trenar i Os Turn Handball sidan 1989, men aldri trent eit liknande keeper-emne som Eva. I tillegg vil eg seia at Eva med den 95- og 96-årgangen som eg er med og trener no er del av ei gruppe med spesielt godt treningsmiljø. Dei er ein fantastisk gjeng og eg synes det er veldig kjekt at Eva får denne sjansen, seier Fyllingen.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.