Lokal | 19. mars 2021

Ewa sette opp butikken på 24 timar

Unique Boutique er tilbake og skal køyra «pop-up butikk» fram til påske.

Ewa sette opp butikken på 24 timar
Ewa Krupa-Papierniak og Unique Boutique er tilbake i Os sentrum, no som «pop-up butikk» fram til påske. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 19. mars 2021 14:25

I slutten av april 2019 kunne du lesa om Ewa Krupa-Papierniak som opna butikk i Landboden i Os sentrum.

Unique Boutique skulle satsa på barneklede, hobbyartiklar og leiker med ein internasjonal vri.

Seint i februar 2020 valde Ewa å flytta butikken sin til Amfisenteret. Ho overtok då det gamle lokalet til strikkebutikken i første etasje.

14. januar i år vart det kjent at Ewa skulle leggja ned butikken på senteret.

– Eg fekk knappe to veker på senteret før den første korona-nedtstenginga kom. Dette gjorde ikkje oppstarten noko lett for meg. Trass i nokre gode periodar, spesielt gjennom sommaren, fekk eg aldri mogleheita til utvikla butikken dit eg ville. No vel eg altså å seia opp leigeavtala her på senteret, sa Ewa til Midtsiden då.

Ikkje lett å vera på nett

Då Ewa og Unique Boutique takka for seg på Amfisenteret, kunne Ewa fortelja at ho planla å halda fram med å selja varer via ein nettbutikk.

Nokre månadar seinare kan ho fortelja at det ikkje har vore det store salet i nettbutikken.

– Nei, det tek tid å etablera seg og koma seg opp i søkjemotorane på nettet. At eg i tillegg sel, for mange ukjende merke, gjer nok sitt til at eg ikkje har hatt den største omsetninga til no. Dette tek rett og slett tid innser eg.

Sette opp butikken på 24 timar. Tidlegare var det strikkebutikk her. (Foto: KOG)
Sette opp butikken på 24 timar. Tidlegare var det strikkebutikk her. (Foto: KOG)

Lukkeleg over ny moglegheit i sentrum

Torsdag fekk Ewa veta at ho kunne få disponera dei gamle lokala til strikkebutikken i Landboden fram til påske.

Fredag var varene på plass, og butikken vart opna for kundar.

Ei overlukkeleg Ewa fortel at ho ropte av glede då ho fekk beskjeden torsdag.

– Det er så kjekt å vera tilbake i Os sentrum! Å kunne få ha ein fysisk butikk, i Os sentrum, er rett og slett utruleg kjekt.

– Eg drøymde faktisk om desse lokala då eg starta den første butikken tilbake i 2019, og no er eg jammen her.

Ewa fortel at vareutvalet i «pop-up» versjonen av Unique Boutique vil vera det same som i butikken på Amfisenteret. Butikken vil ha ope måndag til laurdag og følgja opningstidene til dei andre butikkane i Os Sentrumsforening.

– No får eg og familien min litt betre plass heime - varelageret har eg jo hatt ståande på soverommet, seier Ewa og ler høgt.

Ewa sel også strikkevarer. (Foto: KOG)
Ewa sel også strikkevarer. (Foto: KOG)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.