Lars Lunde frå Stord har vore på pallen fleire år, i dag blei det både siger og løyperekord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Få deltakarar, men ny løyperekord

Langedalen Opp: Lars Lunde klatra frå 3. og 2. plass til topps og ny rekord.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag blei årets Langedal Opp arrangert, som vanleg med konkurranseklasse med start ved Vinddalsvatnet (2000 meter, 150 høgdemeter) og turklasse frå Joker Søfteland (1400 meter, 110 høgdemeter).

• Bildeserie: Desse var raskast i turklassen

Løpet hadde til saman 109 deltakarar, 33 i konkurranseklassen og 76 i turklassen. I 2017 var det 151 (106+51) deltakarar.

– Vi har hatt over 200 deltakarar på det beste, men over 100 i dårleg vêr, i ei helg der det skjer mykje anna i Os, er ikkje så gale, synest Andreas Søfteland, som hjelper Søfteland Turn og Idrettslag å gjennomføra løpet.

– Det var dessutan høgt nivå på løparane, spesielt i herreklassen, der det òg kom ny bestetid.

Opp Langedalen på 7,06

Espen Roll Karslen, som i fjor vann for femte år på rad, måtte i år nøya seg med 2. plass. I tillegg måtte han sjå sin eigen løyperekord bli slått.

Vinnar blei Lars Lunde, som tok 2. plass i fjor og 3. plass i 2016.

Lunde kom i mål på tida 7,06, tre sekund raskare enn førre løyperekord.

Med ny rekord blei det både 2000 kroner for 1. plass og 2000 kroner i premie for ny rekord.

Joakim Sødal hamna på 3. plass.

Tonje tok sin første siger

Raskaste kvinne blei 14 år gamle Tonje K. Laasby.

– Eg har deltatt før, men ikkje fjor, då var eg sjuk. Denne sesongen har eg deltatt i Ulvenvatnet Rundt og i løpskarusell på Kalandseid. Dette er min første siger! seier Tonje.

Også ho vann 2000 kroner for 1. plassen. Dei to andre på pallen for kvinner og herrar vann 1000 og 500 kroner kvar.

Søstera Silje Laasby tok 3. plass, andreplassen gjekk til Cecilie Hagen, som i august vann Osløpet.

Tapte veddemål - må klippa seg

Raskaste osing var Erik Vaktskjold på 4. plass. Før start hadde han vedda med treningskamerat i Opptur Motbakkeklubb, Andreas Skulstad Størkson, som kom rett bak, og som no må klippa seg kort.

– Det var Håvard Austevoll som nemnte i startområdet at Andreas snart burde klippa seg. Då greip eg sjansen og lagde veddemål av det. Men eg hadde ikkje trudd at eg skulle slå han i dag, seier Vaktskjold.

Andreas tar det med eit smil, men er ikkje nøgd med straffa han no får.

– Eg har spart i eit år, og hadde plan om å få endå litt lengre hår, seier Størksen, som kom på 5. plass i herreklassen.

RESULTATLISTE

Sjå komplett resultatliste med alder og klubb i bildeserien over.

KVINNER
1. Tonje Laasby 09:51
2. Cecilie Hagen 10:08
3. Silje Laasby 10:16
4. Ingebjørg Hollevik 11:02
5. Katerina Kolici 11:04
6. Maria Steien 11:40
7. Svanhild Vestbø 12:04
8. Ragni Nordås 12:43
9. Martine Heggland Sælen 14:29

HERRAR
1. Lars Lunde 07:06
2. Espen Roll Karlsen 07:15
3. Joakim Sødal 07:41
4. Erik Vaktskjold 08:40
5. Andreas Størkson 09:00
6. Roger Bergstø 09:10
7. Richard Lunde 09:12
8. Johan Olei Nes 09:21
9. Vidar Oen 09:29
10. Espen Brynildsen Olsen 09:30
11. Stig Sivertsen 09:43
12. Tore Sælen 09:44
13. Øystein Risøen 09:50
14. Stian Laasby 10:09
15. Erik Eide Hansen 10:09
16. Håvard Mathisen 10:22
17. Stein Kjetil Hefte 10:24
18. Per Færevaag 10:45
19. Kristoffer Brekke 10:48
20. Eskil Mathisen 11:20
21. Lasse Skaatun 11:21
22. Anton Mathisen 11:21
23. Håvard Westby-Nordhaug 12:15

Fleire saker