Lokal | 03. mars 2017

Få reaksjonar på Fanafjellet

Statens vegvesen kontrollerte 465 bilar på Fanafjellet i går. Det førte til 8 reaksjonar.

Få reaksjonar på Fanafjellet
Svein Olav Nymark frå Statens vegvesen leia kontrollen på Fanafjellet torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. mars 2017 09:28

Vegvesenet hadde trafikkontroll mellom Os og Bergen torsdag, og kontrollerte nesten 500 bilar på toppen av Fanafjellet.

– Det var lite trafikk, men dei som var ute og køyrde hadde stort sett det meste i orden, seier Svein Olav Nymark frå Statens vegvesen.

Fire bilar fekk skriftleg melding om manglar, to blei avskilta.

To andre bilistar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

– Det var gledeleg å sjå at dei fleste bruker bilbelte og har orden på sakene sine, seier Nymark.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.