Samferdsle | 16. jan. 2024

Få uhell etter nytt snøfall

Kollisjon på Venjaneset er einaste varsel i vår kommune.

Få uhell etter nytt snøfall
Det snødde tett i Os tysdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. jan. 2024 09:54

Søndag kveld og måndag morgon hadde krevjande køyreforhold fleire stadar, og Hatvikvegen nær Os sentrum blei blokkert og stengt i over to timar.

Måndag kveld fekk meir stabilt føre, men tysdag morgon byrja det å snø tett. Det er likevel få meldingar om vanskar i Bjørnafjorden og bergensområdet.

Politiet varsla klokka 10.01 om eit trafikkuhell på Venjaneset. To bilar var involvert, truleg utan personskade, og uhellet skal ikkje ha skapt trafikale problem.

I Olsvik har ein buss køyrd inn i ein personbil i morgontimane, i Øygarden fekk eit vogntog problem med å koma seg vidare.

Elles har det vore meldt om saktegåande trafikk ein del stadar.

Det er meldt meir snø utover dagen i dag.

Onsdag er det venta skyfri himmel og 2 til 6 minusgradar.

Torsdag kan det koma lyn, og det er meldt snøbyger gjennom heile dagen. Fredag er det venta snøbyger, men òg periodar med opphaldsvêr.

Eikedalen fortalte i går om 20 cm nysnø sidan fredag. Dei får òg påfyll i dag, og kveldskøyringa har truleg veldig fine forhold denne veka.

Laurdag og søndag er det meldt varmare og regn i låglandet. Også heile neste veke ligg an til å få plussgradar og regn.

Dei som vil nyta vintervêret bør gjera det før søndag. Dei som vil rydda snø før den blir slaps bør òg nytta dei neste dagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.