Lokal | 26. mai 2013

– Få var edru

Politibåten Kjølen har vore på tokt i Os i helga. Leiar for sjøtenesta, Hans-Erik Thue, fortel om fleire båtførarar i grenseland på promille.

– Få var edru
Hans-Erik Thue er skuffa over at båtførarar drikk alkohol tett oppunder grensa for kva som er lov. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. mai 2013 11:41

Laurdag var politiet på øving i Bjørnafjorden saman med Forsvaret.

Fredag kveld var Kjølen på tokt i Os og fleire av båtførarane dei kontrollerte hadde promille.

– Men ingen av dei hadde over 0,8, så det blei ikkje oppretta sak på nokre av dei, fortel Hans-Erik Thue.

– Det er sjølvsagt bra at folk har vett til ikkje å drikka for mykje, at dei stoppar etter éi øl eller eitt glas.

– Men eg synest det er skuffande at så mange ikkje held seg heilt edru når dei skal kjøra båt, seier Thue.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.